Gulen kommune åtvarar mot respektlaus aprilspøk

DÅRLEG APRILSPØK: Ordførar Hallvard Oppedal avkreftar korona-spøken som florerte på sosiale medium 1. april.

DÅRLEG APRILSPØK: Ordførar Hallvard Oppedal avkreftar korona-spøken som florerte på sosiale medium 1. april. Foto:

1. april måtte Gulen kommune avkrefte den uheldige spøken på sin heimeside.

DEL

– Det er trist at nokon prøver å utnytte noko alvorleg og gjere det til ein spøk.

Det seier Hallvard Oppedal, ordførar i Gulen kommune.

1. april er kjent for sine spøkar, nokre meir utspekulerte enn andre.

Ein av dagens spøkar fekk dei tilsette i Gulen kommune til å setje ned foten.

– Det var nokon som ringde inn og sa at dei hadde sett ei melding om at tre personar har fått påvist koronasmitte i Gulen.

Kontakta smittevernlegen

Då Oppedal fekk beskjed om den dårlege spøken, kontakta han smittevernlegen for å dobbeltsjekke.

– Vi har framleis ingen med påvist smitte i Gulen kommune. Vi kan ikkje gjere så mykje meir enn å avkrefte spøken.

Han seier at slik feilinformasjon kan gjere folk engstelege for å bli smitta av koronaviruset.

– Det er difor veldig uheldig at sånt skjer. Det stemmer i alle fall ikkje, så det er no greitt.

Ordføraren har ingen informasjon om kven som står bak aprilspøken, eller kvar den har spreidd seg til no.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken