Gudveig (37) blir innsett på kvinnedagen i nyoppretta stilling som diakon: No flyttar ho og familien heim til Radøy

Både biskop og prost er til stades når Gudveig Kartveit Sundsbø blir innsett i nyoppretta jobb som diakon i Radøy sokn under gudstenesta i Manger kyrkje søndag 8. mars. Samtidig skal ho og familien flytta til heimegarden på Radøy. Ho er ein sjeldan rase i Nordhordland.