Det er med stor interesse at vi les innlegget «Ta dykk ein tur ut til den «grådige» næringa de omtalar» frå Hanna Dåvøy Rørtveit i Avisa Nordhordland. I utgangspunktet er vi heilt ueinig i premissen for innlegget og den nedlatande haldninga forfattaren viser overfor dei som tek ordet i debatten.

Les også

Ta dykk ein tur ut til den «grådige» næringa de omtalar

Men ein ting har ho heilt rett i; dette handlar om kvardagen til dei langs kysten. Det handlar nettopp om dei som vert permittert i eit par månadar kvart einaste år, for at oppdrettsselskapa skal sleppe unna å betale lønn og heller lempe lønnskostnadane over på skattebetalarane, slik at dei sjølve kan ta eit klekkeleg utbytte.

Permitteringane frå oppdrettsnæringane er ei kunnskapslaus orsaking, som ikkje har rot i den føreslåtte grunnrenteskatten. Massepermittering har på mange måtar vore ein trend i næringa, mellom anna i fjor der næringa nærast varsla 2300 tilsette. Her må og oppdrettsselskapa bidra til eit sakleg ordskifte, der ein legg til grunn argument som er relevant for debatten.

Vi synest det er rart at ein godt finansiert lobbyorganisasjon med hovudkontor midt i Oslo skal lære folk frå heile landet i by og bygd om kva det vil seie å bu og jobba nett på bygda.

Du høyrer heller ikkje dei små-middels store oppdrettarane skrika etter hjelp i denne debatten. Med riktig innretning kan grunnrenteskatten derimot vere til fordel, då kan staten til dømes ta eit større ansvar for tapte investeringar. Hadde Sjømat Norge valt å bidra konstruktivt heller enn å kle seg ut som ein dommedagsprofet, kunne vi kanskje vore nære ei løysning som hadde gagna alle.

Det er tydeleg at arbeidsgjevarorganisasjonen forsøker å provosere fram ein sympati når utbyttet står i fare, men det sømmer seg ikkje å dytte vanlege arbeidarar framfor seg, eller å ty til nedlatande retorikk og fordumme dei som deltek i debatten. Ei lita oppfordring frå oss er difor: ta dykk ein tur til finansministeren når han inviterer til dialog, bidra i diskusjonen og ver konstruktiv.

Det skulle berre mangla at laksenæringa bidrar i spleiselaget; dei bruker trass alt våre felles naturressursar.

Les også

Det er på høg tid at oppdrettsnæringa vert med på å betala skatt

Les også

«I iveren etter å flå oppdrettsbaronane ser Arbeidarpartiet ut til å ha gløymd gjengen som flår fisken»