Gå til sidens hovedinnhold

Gro Borgund – føregangskvinna for handikapidretten i Noreg til minne

«Gro Borgund sin kamp for handikappa og utviklingshemma var og er visjonært prega», skriv fylkesordførar Jon Askeland.

Minneord

Gro Borgund, Manger, sovna stille inn 14. januar, 88 år gamal. Me minnest i sorga ei stillfarande, samfunnsengasjert kvinne, som ruvar som ei av dei største strilane gjennom tidene, gjennom kampen ho førte for menneskeverdet. Og ho lukkast!

Det var nemleg ho som bana veg for at funksjonshemma ikkje lenger skulle gøymast vekk, men vera likeverdige idrettsstjerner. I dag vert desse idrettsheltane heilt naturleg hylla på Idrettsgallaen, og har eige særforbund i Idrettsforbundet!

For denne ruvande innsatsen hadde eg gleda av å få overrekkja henne HM Kongens Fortenestemedalje i 2014.

Manger kvinne- og familielag sende søknaden, og eg vil gje ordrett att frå denne (utdrag):

«Me ønskjer at Gro Borgund vert tildelt den største heider for pionerarbeidet ho starta i 1955 for å utvikla handikapidretten i Norge, og vidare for sin livslange kamp for både menneskeverd og integrering av utviklingshemma i Norge.

Gro Borgund er ei stillfarande, sterk kvinne, som ikkje har hatt eiga vinning som mål, men som har arbeidd og kjempa for handikappa og utviklingshemma sine kår i 60 år. Ho er utdanna fysioterapeut frå Oslo i 1952, og var då landets yngste fysioterapeut! Ho har hatt dette som yrke, og ho bygde også opp fysioterapitenesta i heimkommunen Radøy.

Gro Borgund har brukt både sin fagkunnskap og lagt eit sterkt personleg engasjement i det ho sjølv har uttalt som nødvendige kampar å ta for å sikra lovfesta rettar og menneskeverd for svake grupper i samfunnet vårt.

Det må vel kunne seiast at Gro Borgund tok initiativet til og gjorde grovarbeidet med handikapidrettssaka i Norge. Gro Borgund sitt arbeid bore frukter,- ho gjekk framfor og viste veg.

Me nemner også at Gro m.a. er ei av bordtennisesset og rullestolbrukaren Tommy Urhaug sine beste støttespelarar.

Gro Borgund fortener også den største heider for at ho sa nei til å plassera sin hjerneskadde son i 1960-talets institusjonar, men i staden fekk starta ein av landets første dagheimar og grunnskuletilbod for utviklingshemma i Radøy kommune i 1972. Ho har seinare engasjert seg sterkt i arbeidet for utviklingshemma og pårørande sine rettar. Ho var ein sterkt engasjert aktør i HVPU-reforma i Hordaland,- også i dette har ho arbeidd lokalt, med nasjonale mål!

Pionèrarbeid for handikapidretten:

Som nyutdanna fysioterapeut arbeidde Gro Borgund ved nevrologisk avdeling ved Haukeland sjukehus, Bergen. Der fekk ho reisa til Stoke Mandeville Hospital i England, som også arrangerte årlege idrettsleikar for pasientane. Oppglødd av dette organiserte Gro Borgund som reiseleiar i samarbeid med overlege Gogstad ved Statens attføringsinstitutt i Bergen det slik at Norge for første gong i 1955 sende ein norsk delegasjon til The Stoke Mandeville Games.

Dette utvikla seg til ei solskinshistorie og vart ein årleg tradisjon, og i 1960 kunne Gro Borgund også gleda seg over å vera reiseleiar for den første norske gruppa til «Etterolympiaden» i Roma. Ho utvikla ideane frå The Stoke Mandeville Games i Noreg, og ho var ein pådrivar i oppbygginga av handikapidretten.

Kamp for menneskeverd og menneskerettar:

Gro Borgund var banebrytande i synet på at rørslehemma både burde og kunne vera fysisk aktive. Det same var ho i kampen for utviklingshemma. I kampen for utviklingshemma var ho også ein pioner, men her arbeidde ho lokalt, og skjedde ved etableringa av Sætre skule og dagheim i Radøy kommune, der utviklingshemma i 1972 fekk eit dagtilbod, og tilpassa grunnskuletilbod,- noko heilt nytt den gongen,- og det første i sitt slag i Hordaland. Seinare vart Gro Borgund frontfiguren i Foreldrelaget for funksjonshemma i Radøy.

Gro Borgund sin kamp for handikappa og utviklingshemma var og er visjonært prega. I dag er handikapidrett også ei olympisk grein,- og visjonane til Gro har altså vunne over motførestellingane på 1950-talet.

«Evig takknemleg»

Saman med søknaden låg det ei rekkje uttalar, deriblant frå bordtennisesset Tommy Urhaug, som hyllar henne for oppmuntringa ho gav han frå han var liten gut. Han avslutta uttalen sin med dette:

«Så når eg slo inn den avgjerande ballen i Paralympics i London 2012 og oppnådde min store drøym om å bli Paralympisk meister, blei Gro sine ord sanne. Ho sa «eg trur på deg, og du kan oppnå kva du vil». Eg er evig takknemleg for den tida me hadde saman.»

Storverk for menneskeverdet

Gro Borgund gjorde det største storverk for menneskeverdet, og ruvar som medmenneske til inspirasjon og etterfølging for oss alle. Gro tok elles del i Radøysamfunnet på mange måtar, og saman med ektemannen Einar la ho ned stor innsats på småbruket i Sæbø, og dei var ivrige friluftsmenneske, som stadig var å sjå på store og små turar, og var elles faste deltakarar på kulturtilboda i Radøy, Nordhordland og Bergen. Gro og Einar hadde fem born.

Me takkar Gro for det ho gav gjennom livet sitt, og me sender varme tankar til Einar, borna og familiane deira i sorga.

Kommentarer til denne saken