Grethe raskaste kvinne for 41. gong

Av

Grethe Jørgensen var raskaste kvinne for 41. gong i sist karusell på Eikanger. Ho og Sigrun Molland står no med like mange sigrar.

DEL

Den 41. og siste sigeren til Sigrun Molland kom i det neste siste løpet våren 2011. Første gong Grethe Jørgensen var raskast av kvinnene var i første løpet hausten 2011. Ho har vunne to eller fleire løp dei ni siste sesongane. Flest sigrar på ein sesong hadde ho med åtte i 2012-13. I denne sesongen har ho vore raskaste fire gonger til no.

Jo Harald Færø var raskast av alle i den 7. vinterkarusellen med tida 6.52. Han var heilt suveren. Vebjørn Haugsdal kom på andreplass på 7.35, eitt av dei beste løpa hans i år. På tredjeplass kom ungguten Idar Odland (f. 2006) med ny personbeste på 7.39. Han betra bestetida si frå det første løpet i fjor haust med fem sekund.

Ein del yngre gutar og jenter deltok ikkje i karusellen denne gongen då dei var opptekne med Pingvinleikane i Leikvanghallen.

84 deltakarar stilte til start, knapt 60 av dei deltok i klassen utan tidtaking. Forholda var greie med berr veg, skya opphaldsver og ein lett vind.

To løp står att

Det nærmar seg innspurt på denne karusellsesongen. To løp står att, 7. mars og karusellfinalen med premieutdeling 28. mars. Dei som står med berre eitt løp denne sesongen kan enno sikra seg medalje om dei deltek i dei to siste løpa. Alle som har vore med i tre eller fleire løp får medalje.

Vinterkarusell 2019-20, 7. løp.

Eikanger 14. februar 2020
Arr.: Eikanger IL
Skya, litt vind, berr veg, +5-6° C.

«Brua rundt» - ca. 2 150m

1. Jo Harald Færø 6.52,
2. Vebjørn Haugsdal 7.35
3. Idar Odland 7.39
4. Harald Norheim 7.41
5. Espen Aakre 7.52
6. Anders Eidsnes 7.54
7. Grethe Jørgensen 8.01
8. Sigurd Aakre 8.19
9. Bjarne Gausvik 8.28
10. Andreas Thuve Larsen 8.42
11. Daniel Norheim 9.00
12. Anette Mørch 9.22
13. Sjur Øren Heggernes 9.32
14. Adrian Hansen Toft 9.36
15. Jan Kårbø 9.40
16. Øyvind G. Oppedal 9.55
17. Håvard Andre G. Oppedal 9.59
18. Solveig Villanger Haugland 10.24
19. Mikkel Ueland 10.39
20. Carl Ludvig Thuve Larsen 10.48
21. Jonathan Mosland 10.52
22. Cecilie Beate Mosland 10.53
23. Ingunn Kvalsvik 11.14
24. Martin Nytun Schulstad 12.31
25. Sverre Solberg 12.46


Utan tid:

Tina Mari Smørdal Askeland, Ingrid Bjørge, Kristian Bjørge, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Jan Halvard Edvardsen, Sondre R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Magnus Elvik, Helge Magnus Erdal, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Helga Marit Færø, Amalie Gausvik, Alexander Gausvik, Jan Helge Gausvik, Arvid Hauge, Stanley Hauge, Inga Haugsdal, Kristin Andvik Haugsdal, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Svein Olav Heggernes, Torunn Hopland, Isak Øvretveit Hosøy, Mali Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Alf Høyland, Ada Elise Thuve Larsen, Bjarte Larssen, Inge Leknes, Tone Helen Marthinussen, Tiago Nytun Martins, Bjørn Mo, Alf Kåre Mosland, Elias Mosland, Torben Namdal, Karina H. Nytun, Marit Nytun, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Emil Olai Oppedal, Margunn G. Oppedal, Mats Johan G. Oppedal, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Sebastian Rongved, Cato Sperrevik, Grethe Titland, Liam Hansen Toft, Monica Toft

Neste løp er laurdag 7. mars.

Artikkeltags