Det var klokka 08:42 tysdag morgon at brannvesenet melde om ein grasbrann ved Langhøyane på Manger. 

Klokka 08:58 var brannvesenet frå brannstasjonane på Manger, Mastrevik og Knarvik i gang med sløkking på staden.

Mellom 150 og 200 kvadratmeter stod i brann i nærleiken av eit bustadområde. Politiet meldte raskt om fare for spreiing til bustadane rundt.

Eit hus evakuerte seg sjølv. Det er ikkje meldt om skadde personar eller bygningar.

– Det er rett at det er ved eit bustadområde, men no jobbar vi for å hindre spreiing, sa vaktkommandør Stian Kvam ved 110-sentralen til NH.

Eit vitne som er busett i nabolaget fortalte NH at røyken kunne sjåast på lang avstand.

– Gunstig vindretning

– Akkurat no er det gunstig vindretning med tanke på busetnad, men det er enno ikkje meldt om kontroll på brannen, sa Mikkelsen til NH klokka 09:13.

Det var ein bebuar i området som varsla naudetatane om brannen, som skal ha starta i ein skog ved Langhøyane. Seks hus måtte evakuere.

Har starta ettersløkking

09:32 har brannvesenet fått kontroll på brannen. Under ein halvtime seinare har brannvesenet starta ettersløkking, melder NH sin journalist på staden.

Det er framleis ikkje meldt om skadde personar eller bygningar som har teke fyr.