Stor etterspurnad etter trelast gjer at tømmerprisane her i landet held fram med å auka. Landbruksdirektoratet spår at 2018 kan bli eit rekordår.
Stor etterspurnad
Gjennomsnittsprisen for tømmer var i september 426 kroner per kubikkmeter, noko som er 18 prosent høgare enn på same tid i fjor, fortel direktoratet.
Trass tørken i sommar, ligg avverkinga hittil i år likevel på same nivå som i fjor. Til saman er det så langt i år teke ut 8,2 millionar kvadratmeter tømmer.
Det er heller ikkje problem å få omsett tømmeret. Både her heime og i utlandet er det stor etterspurnad etter norsk tømmer. Det gjer at norske skogeigarar kan gle seg over auka tømmerprisar. Auken er spesielt stor for massevirke.
Trur 2018 kan bli rekordår
– I skognæringa er vi vande med at prisane varierer med konjunkturane, men sjeldan har vi opplevd ein slik markant prisoppgang som den vi no ser på massevirke, seier seksjonssjef Per Guldbrand Solli i Landbruksdirektoratet.
For massevirke frå gran og furu er auken på heile 42 og 48 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Dersom det blir gode driftsforhold resten av året, meiner Landbruksdirektoratet det er god grunn til å rekna med at 2018 blir eit rekordår.
Solli meiner dette kan vera eit positivt tilskot til økonomien for bønder som blei ramma av tørke i sommar.
