Kenneth sin ide kan gjera livet betre for millionar av menneske

KRYSSAR DET HAN KAN: Kenneth Tonning har etablert seg på Radøy med familie. No håpar han at ideen hans kan hjelpa kvardagen til millionar av folk verda over. Han håpar på lansering i løpet av 2016. FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

KRYSSAR DET HAN KAN: Kenneth Tonning har etablert seg på Radøy med familie. No håpar han at ideen hans kan hjelpa kvardagen til millionar av folk verda over. Han håpar på lansering i løpet av 2016. FOTO: YNGVE GAREN SVARDAL

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Kenneth Tonning var eigentleg innom jobbmessa for å sjå etter arbeid. Tre år seinare trippar han etter å lansera gründerideen sin for heile verda.

DEL

ANNONSE: Få 50 prosent rabatt på Avisa Nordhordland ut året.

– Ideen har eg hatt i mange år, seier Kenneth Tonning til avisa Nordhordland.

Redd for tjuveri

Nøyaktig kva ideen er, er framleis ein løyndom, men i korte trekk handlar det om eit hjelpemiddel for folk med søvnapnè. Grunnen til alt hemmligheitskremmeriet er at produktet skal etter planen lanserast om kort tid, og at det er relativt lett å kopiera av kreative sjeler med uærlege hensikter.

Tonning er opphavleg bergensar, men har budd i 25 år på Austlandet. For to år sidan kom han vestover, og busette seg på Radøy. I mars 2013 var han på jobbmessa i Knarvik og såg etter arbeidet. Heilt tilfeldig enda han opp på Industriutvikling Vest sin stand.

– Då sa Brundtland at om ein hadde ein ide, var det berre til å ta kontakt.

Då gjorde eg det, seier Tonning.

Då byrja snøballen å rulla.

LES OGSÅ: Positive, trass alt

Kan hjelpa millionar

– Ei veke etter at eg hadde møtt Industriutvikling Vest og vist dei prototypen min, hadde eg fått støtte frå Innovasjon Norge, fortel han.

Søvnapnè er ein tilstand der ein sluttar å pusta fleire gonger medan ein søv. Det er eit stort problem, og på verdsbasis er det mange millionar som slit med dei problema som Tonning hevdar hans oppfinning kan betra.

Han har hatt ti prototypar til testing, prototypar han sjølv har laga ved hjelp av ein 3D-printer heime.

– Ingen ville gje oss att prototypen. To av dei vart øydelagt, men vi fekk ikkje henta dei, for brukarane ville heller fiksa dei sjølv, seier han.

LES OGSÅ: Sel steinproduksjonen

Investorhjelp

Tonning har klokkartru på prosjektet sitt. Han skryt av hjelpa han får av Industriutvikling Vest og dei andre gründerane i Hagellia.

– Vi møter ein veldig kompetanse, og kontakten mellom gründerar er viktig, seier han.

No har Tonning fått med seg ein investor på laget.

– No er eg i ein fase der det er naudsynt. Eg står framføre store økonomiske investeringar som eg ikkje kunne tatt sjølv, seier han.

Kven investoren er, er også ein løyndom.

– Men synergieffektane kan ikkje verta større, hevdar han.

Produktet skal seljast til sjukehus, institusjonar og private. Fyrst skal dei etablera eit marknad i Noreg, så skal dei ta verda. Håpet er å koma på marknaden fyrste kvartal 2016.

– Sel vi mellom 3 og 5000 fyrste året, tener vi pengar, seier han.

LES OGSÅ: Etablerer seg på Fedje: Vil verta landets største mikrobryggeri

Gründerboom

Dei fyrste 3 1/2 åra Industriutvikling Vest var etablert kom det ikkje ein einaste arbeids- ledig gründer innom. Etter nyttår har det vore ein jamn straum. Det seier dagleg leiar, Børge Brundtland til avisa Nordhordland.

Den stadig stigande arbeidsløysa i Nordhordland og Noreg tvingar folk til å tenka meir kreativt. Det merkar dei på Industriutvikling Vest.

– Det er ein jamn straum med folk som kjem. Talet på førespurnader er meir enn dobla, samanlikna med same tid i fjor, seier han til avisa Nordhordland.

Ideane dei kjem med er gjennomgåande gode.

– Dei er fullt på høgde med det vi får inn frå det eksisterande næringslivet, seier han.

Alle som tek kontakt, får eit møte med Brundtland og Industriutvikling Vest.

– For tida har vi fleire slike møter kvar veke, sluttar han.

LES OGSÅ: Rekordstor pågang av nye gründerar

P.S: Denne saka vart publisert fyrste gong på avisa Nordhordland sine nettsider i oktober 2015.

Artikkeltags