FORRETNINGSKVINNA: Kathrine Molvik har ein kvardag som består av mann og barn, å vera sveiselærar og å bygga opp ei bedrift frå grunnen av.Alle foto: Yngve Garen Svardal
Yngve Garen Svardal

Kathrine kjempar seg fram i ei manneverd

Om ti år skal Kathrine Molvik ha 100 tilsette som jobbar over heile verda, men med base i Nordhordland. Men først må ho overvinna mannearrogansen ho møter som kvinne i ei svært mannsdominert verd.
Publisert

– Eg klarar å ta meg sjølv ganske uhøgtideleg, og let det ikkje gå inn på meg. Eg prøver heller å dra nytte av det i staden. Men det er klart at på messer i dag, vender dei seg alltid til mannen i følget. Då gjer det ekstra godt når han ikkje kan svara og seier at dei må snakka med meg, seier Kathrine Molvik.

Banebrytande frå dag ein

Sommaren 2014 bestemte ho seg plutseleg for å starta sitt eige selskap. Den fyrste ho fortalde det til var sjefen sin. Deretter fekk sambuaren beskjeden.

– Det fyrste han sa til meg var «Veit du ikkje at me nett har kjøpt oss nytt hus?». Ja ja, det må berre ordna seg, svarte eg han, seier ho og flirer.

På messer i dag, vender dei seg alltid til mannen i følget. Då gjer det ekstra godt når han ikkje kan svara og seier at dei må snakka med meg

Molvik sin karriere innanfor industrien byrja då ho var 15 år gammal og byrja som den fyrste kvinnelege lærlingen hjå Frank Mohn Flatøy. Der hadde ho garderobe på handikaptoalettet og fekk opplæring til å verta industrirøyrleggar. Etter kvart vart ho røyrkonstruksjonsingeniør og jobba hjå Frank Mohn piping, byrja på sveiseingeniørstudiet og vart den sjuande kvinnelege sveiseingeniøren i Noreg og vart etter kvart hyra inn til å bygga opp ei eiga sveiseavdeling hjå PSW group på Mongstad.

LÆRERIKT: Ho har nesten ikkje sveisa sjølv på 20 år. Men no må ho visa elevane på Knarvik vidaregåande skule kva ho kan og kva dei må læra.

LÆRERIKT: Ho har nesten ikkje sveisa sjølv på 20 år. Men no må ho visa elevane på Knarvik vidaregåande skule kva ho kan og kva dei må læra.

– Etter kvart hadde eg jobba ein del med spesielle materialkvalitetar og byrja å verta flink på det. Andre selskap byrja å spørja meg om råd, og då oppdaga eg at det sat ein del sveisekoordinatorar åleine rundt om. Då tenkte eg at dette måtte kunne gjerast på ein annan måte, seier ho.

Ideane byrja å modnast, og på eit etablerarkurs våren 2014 bestemte ho seg for å etablera sitt eige selskap, FeC. Der samlar ho kompetanse på ein plass, som ho tilbyr mot bedrifter.

– Kva er det som er så fascinerande med sveising?

– Det er utruleg masse ting som skjer inne i materialet når du varmar det opp. Det er ein prosess som festar seg inne i hovudet mitt, seier ho.

Då dei var yngre og venninnene hugsa namnet på kjekke fotballspelarar, eller når ho vart eldre og venninnene kjenner til kva vinar som er gode, er det ting ho ikkje bryr seg så mykje om.

– Det går rett ut at. Men når det kjem til materialkvalitetar, varmebehandling på sveising og kva du må gjera for å få gode resultat, det berre sit, seier ho.

– Ho vesle blonde

Molvik brenn verkeleg for yrket sitt og har vore med og starta opp nettverket Ung sveis. ho sit òg i styret til Norsk sveiseteknisk forbund sentralt. I sommar var ho ein av to norske representantar på ein internasjonal konferanse med representantar frå heile verda.

– Det var utruleg interessant. Du skapar deg eit stort nettverk og du får førstehandsinformasjon om kva som skjer i sveiseverda, seier ho.

Men ho fekk nok eit døme på at ho er ei lita (150 cm høg), blond kvinne i ei svært mannsdominert verd.

Du vesle venn, du visste jo kva du snakka om du

Då dei skulle sjekka inn på hotellet fekk ho og sambuaren, som var med som følge ei underleg oppleving. Medan delegatar fekk eit blått halsband og ei PC-veske ved innsjekk. Fekk følget, i dette tilfellet hennar mannlege sambuar eit rosa halsband og ei skulderveske.

Molvik ler av heile historia. Det enda med at sambuaren nekta å gå med sitt rosa halsband.

– Korleis har det vore å vera dame i den mannsdominerte bransjen? Ser dei på deg som ho vesle blonde?

– Ja, mange gonger, seier ho.

Ho fortel om møter der ein bevist snakkar til mannen ved sidan av, ikkje ho. Om rundar dei har vore på verkstader i samband med møter, der ho vert klappa på skuldra av menn som seier at «Du vesle venn, du visste jo kva du snakka om du»

– Vert du forbanna då?

– Ja, eg kjenner eg vert sur då. Det går på det å ha respekt for den du snakkar med. Men det vert berre ei god historie, seier ho.

ENGASJERT: Molvik vil ikkje berre bygga ei stor bedrift. Ho vil ta vare på lærlingane også. Målet hennar er å utdanna fagarbeidarar som er stolte over å vera sveisarar.

ENGASJERT: Molvik vil ikkje berre bygga ei stor bedrift. Ho vil ta vare på lærlingane også. Målet hennar er å utdanna fagarbeidarar som er stolte over å vera sveisarar.

– Du seier du tek det med eit smil, men har det aldri påverka deg?

– Jo, eg har kjent på det nokre gonger at uansett kva ein gjer, så må ein alltid prestera litt ekstra for å verta sett som kvinne, seier ho.

– Men då gjer det ekstra godt dei gongene ein vert sett og høyrt. Det er det eg fokuserer på, seier ho.

Koplar av heime

– Når du ser haka på dei du snakkar med fell ned og du har alle svara dei ikkje fekk frå mennene dei først snakka med. Det er ei veldig god kjensle, smiler ho.

Molvik bur på Hjelmås med fire eigne barn i alderen fire til elleve år, eit bonusbarn og ein sambuar. Når ho ikkje bygger bedrift likar ho å sy eller å gå fjellturar.

– Å sy er meditasjon for sjela, seier ho.

Men ungane er dei viktigaste for ho.

– Det er utruleg viktig for meg at ungane mine har det bra og at tida eg brukar med dei er ordentleg. Og det siste halvanna året har eg fokusert på å vera til stades og at eg tek meg den tida eg treng med dei. For jobben kan alltids venta, sjølv om nokon seier den ikkje kan det, seier ho.

Å sy er meditasjon for sjela

Etter at ho starta for seg sjølv sommaren 2014 gjekk det berre oppover og oppover. Ei stund var dei fem tilsette i selskapet, og jobba i Frankrike, Skotland, Sverige og Danmark. No har dei merka dei tøffe tidene og er nede i to tilsette. For å få ting til å gå rundt, har ho leigd seg sjølv ut til Knarvik vidaregåande skule. Men ho har aldri angra på at ho hoppa i det. No er draumen å veksa seg stor.

– Kva er målet ditt med FeC?

– Eg er usikker på kva eg skal seia. For det er mykje på gang.

– Men kva vil du oppnå?

– Det er å skapa interessante, trygge arbeidsplassar i Nordhordland, for både sveisarar, NDT-inspektørar og industrirøyrleggarar, seier ho.

Draumen hennar er at om ti år har ho ei høgst levande bedrift med 100 tilsette og dei opererer i heile verda, og dei skal framleis vera i vekst.

Målet er å utdanna fagarbeidarar som er stolte av faget sitt, slik at det vert kult for nordmenn også å verta sveisarar.

Dei tøffe tidene stoppar ho ikkje.

– Eg tenker jo at me skal veksa. Folk ser rart på meg når eg seier det, men det må dei berre gjera. Me veks gjerne ikkje så fort, men målet er at i løpet av 2016 skal det skje mykje, seier ho.

– Om eg trynar undervegs, så har eg lært utruleg mykje. Det er på dei feila ein gjer, at ein kan læra og gjera ting betre

I så måte var tildelinga av Fredrikke Quam-prisen ein stor motivasjon for ho. Fredrikke Quam-prisen skal framheve de gode forbilda som alle kan bli inspirert og lære av. Kriteria for å få den er innovasjon og nyskaping, og Molvik fekk den delt ut på den årlege Damemiddagen i Bergen i førre veke.

– Den prisen gav meg ny motivasjon, seier ho. Og den treng ho når ho skal bygga ei bedrift som skal operera over heile verda.

Ein må tenka stort og vera glad for det ein oppnår, er filosofien hennar.

– Om eg trynar undervegs, så har eg lært utruleg mykje. Det er på dei feila ein gjer, at ein kan læra og gjera ting betre, sluttar ho.

Artikkeltags