Fylkesordføraren lovar meir besøk

Samtaletema: – Heime hos oss er du eit samtaletema, 13-åringen min har prøvd å overtyda meg til å skaffa ein Hackit, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun til mannen bak kjøtdeighakken, Vegard Ertvaag. Foto: Morten Sæle

Samtaletema: – Heime hos oss er du eit samtaletema, 13-åringen min har prøvd å overtyda meg til å skaffa ein Hackit, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun til mannen bak kjøtdeighakken, Vegard Ertvaag. Foto: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Eg vil bruka to heile dagar i Nordhordland i løpet av våren.

DEL

Det lova fylkesordførar Anne Gine Hestetun under sitt besøk hjå Industriutvikling Vest fredag. Der fekk ho presentert kva gründerinkubatoren driv med, gjennom presentasjonar flå fleire av gründerane som no er samla under same tak.

Utfordrande

– Det å bli fanga opp, og tore å ta steget og satsa på eigne idear er utfordrande. Å ha eit sånt miljø som støttar opp er heilt avgjerande, seier Hestetun til Avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Hackit tapte søksmål og må punge ut 226.800 kroner

– Utan eit sånt miljø trur eg mange idear ikkje hadde blitt realisert, seier den ferske fylkesordføraren, som sjølv har bakgrunn frå næringsliv og industri.

– Stao pao

– For meg som fylkesordførar er det gull verdt å oppleva desse miljøa, stao pao som vi seier der eg kjem frå, oppfordrar Hestetun.

Ho lovar meir besøk til vår region.

LES OGSÅ: Kathrine kjempar seg fram i ei manneverd

– I løpet av våren skal eg ha to heile dagar med bedriftsbesøk i distriktet, både til dei opplagde store, men òg til dei som ikkje får besøk så ofte, lovar fylkesordføraren.

På visitten fredag fekk ho mellom anna høyra om arbeidet til lokale gründerar bak Motitech, Fec og Hackit.

Artikkeltags