Etablerer seg på Fedje: Vil verta landets største mikrobryggeri

NØGD GJENG: Tone Elisabeth Irgens, Dan Newton og Devon Priemus (t.h.) gler seg til å starta øl- og whiskyproduksjon i det gamle fryseriet på Fedje.	Også ordførar Kristin Handeland (t.v.) ser fram til oppstarten.

NØGD GJENG: Tone Elisabeth Irgens, Dan Newton og Devon Priemus (t.h.) gler seg til å starta øl- og whiskyproduksjon i det gamle fryseriet på Fedje. Også ordførar Kristin Handeland (t.v.) ser fram til oppstarten. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Mikrobryggeri etablerar seg på Fedje.

DEL

– Dette er utruleg spennande og nesten heilt uvurderleg for bygda, seier Fedje-ordførar Kristin Handeland om det nye mikrobryggeriet som går mot oppstart i slutten av mai.

– Dette er positivt på alle måtar. Det vert etablert ny næring og det kan få positive ringverknader for heile Fedje. I tillegg får vi tre nye arbeidsplassar og tre nye innbyggarar, seier Handeland.

Det er andre etasje i det tidlegare fryseriet ved ferjekaia som vert lokala til bryggeriet.

LES OGSÅ: – Kafeen blir ein livsstil

Enkelt val

Det er Tone Elisabeth Irgens frå Bergen som vert dagleg leiar for bryggeriet som går under namnet Northern & Co AS. Med seg får ho sambuaren Devon Priemus frå New Zealand og Dan Newton frå England. For dei var det eit enkelt val å følga bryggeri-draumen til Fedje.

– Det er veldig flott her og vi var aldri i tvil når vi fekk moglegheita, seier Irgens.

I fjor sommar vart det sett i gong planar for eit bryggeri på Fedje på initiativ frå Steinar Knutsen i 7 Fjell Bryggeri i Bergen.

– I desember kom vi kontakt med Knutsen og han fekk smaka øl vi hadde brygga sjølv. Gjennom ein rekke med tilfelle så fekk vi til slutt tilbod i januar om å starta bryggeri på Fedje, seier Irgens som ikkje angrar på valet.

– Vi har fått eit veldig godt førsteinntrykk av plassen, seier ho. Trioen gler seg no til å produsera øl for lokalfolket.

– Øl-namna er ikkje heilt opp til oss, men får vi det som vi vil så vert første ølet kalla «Fedje Golden Ale».

Produkta skal seljast på utestader i Fedje og Bergen, men dei har store planar for bryggeriet.

– Ambisjonen er å verte eit av dei største mikrobryggeria i landet og eksportera til utlandet. I tillegg vil vi prøva å få til ein årleg festival på sommaren, seier Irgens.

Sjølvlærd

Etter planen skal brygginga byrja i mai og det første ølet skal vere klart til opningsfest i juni. På sikt vil gjengen prøva seg på mange forskjellige øl-variantar, men har fire klare oppskrifter til å starta med.

– Vi startar med fire grunnprodukt. Ein golden ale som minner litt om vanleg pilsner, eit lysare og eit mørkare øl og ein IPA, Indian Pale Ale, fortel Irgens. Oppskriftene er resultat av mange års privat ølbrygging.

– Vi er sjølvlærde og har brygga på eiga hand i fleire år, seier Irgens. Både familie og vener har vore prøvekaninar for sjølvproduseringa.

– Når dei ønsker seg ølet til jul og bursdag så er det eit godt teikn på ei bra oppskrift.

LES OGSÅ: – Vi såg eit behov

Øl og whisky

I utgangspunktet går det tre veker før det første ølet er ferdiglaga. Derimot tyder whiskyplanane på at gjengen tenkar langsiktig i Fedje-prosjektet.

– Det er i alle fall tre år lagring før ein får ferdig whisky, seier Dan Newton som er destillatøren i gruppa. Han har ein mastergrad i brygging og destillering frå universitetet i Edinburgh og har hovudansvaret for whisky-produksjonen.

– Det blir meir og meir whiskykultur i Norge. Ein av de mest anerkjende whiskybarane i verda ligg i Bergen, fortel Irgens.

Artikkeltags