Fredag føremiddag melde naudetatane om ei trafikkulykke på Radøy. Hendinga skal ha skjedd ved Kolåseidet, og naudetatane rykte kjapt ut til staden.

Det skal ha vore svært glatt både her og andre stader på nordhordlandsvegane i dag.

Lensmann i Nordhordland, Kjell Idar Vangberg, fortel at føraren av bilen, ein mann i 50-åra, vart køyrt til Haukeland sjukehus etter hendinga, men var bevisst på staden.

– Bilen skal ha køyrd utfor vegen og gått rundt 360 gradar, seier lensmannen og minner om at ein må vere obs på glatte vegar i heile distriktet i dag.

Tidlegare fredag var det ein annan bil som også hamna utfor vegen i same område, og den involverte skal vere uskadd.