Gå til sidens hovedinnhold

Gjer det du vil, ikkje kva andre forventar av deg

Kvifor skal eg gjere det same som alle andre gjer? Det er godt å ta eigne val og stole på seg sjølv

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

(BA): Eg har prøvd så mange hobbyar. Turn, fotball, volleyball, 4H og korps. Ingenting var mi greie, men eg holdt på med det fordi venene mine var der.

På ei korpsøving ringte eg pappa og sa «eg skal ikkje spele i korps meir». Eg sa eg ville starta med motorsport. Eg har alltid vore gira på det, men aldri turt. Det såg skummelt ut. Men pappa svarte ja med ein gong og sa eg kunne starta dagen etter.

Då eg var lita, sa pappa at eg skulle køyre løp då eg vart stor og at han skulle vera min mekanikar. Eg lo av han og sa at det kunne kan berre gløyma. Men no ser du kva eg endte opp med, og kva eg brenn for.

Å køyre bilcross og rallycross gir meg så mykje adrenalin, fart og spenning. Det er nervepirrande å stå seks bilar på startstreken. Kjem det til å gå bra? Eg vert nervøs og skjerpa. Det er så gøy å konkurrera og sjå kven som gjer det best.

For å driva med dette må ein tørra. Du må klara å handtera bilen i alle settingar, sladde og om du blir kjørt i. Du må halda bilen på bana, men det er ikkje alltid det går. Det høyrer med at ein kan krasja. Nokre gongar er det veldig vondt, andre gongar ristar du litt på hovudet og køyrer vidare.

Folk syns det er gøy at eg satsar så mykje som eg gjer. Dei syns det er tøft at ikkje berre gutar heldt på med dette. I helga køyrde eg talentrace med 60 førarar. Eg kom på 7. plass og var beste jente. Det er gøy når det går så bra!

No heldt eg på å ta sertifikatet. Det er kjekt, men ein stor overgang å gå frå bilcross til å gå inn i ein bil med ein køyrelærar. Eg får ofte beskjed om å roe ned farten, «du køyrer ikkje på bane no».

Ein kan begynne å trene med bil fra det året ein fyller 14 år. Og køyre løp frå det året ein fyller 15 år. Er du glad i bil, men ikkje 18 år, så er motorsport utruleg kjekt. Då kan du jo få lov til å køyre på bane.

Eg har gått eigne vegar for å finne mine interesser. Det gir meg sjølvsikkerheit. Kvifor skal eg gjere det same som alle andre gjer? Det er godt å ta eigne val og stole på seg sjølv. Det er berre å hoppe i det, dersom du ynskjer å starta med noko anna enn venene dine heldt på med. Stol på at du får det til og at du kan nå måla dine. Det er så kjekt å gjere det eg har lyst til og ikkje det alle andre forventar.

Eg angar ikkje på at eg valgte denne vegen. For meg er dette alt.

Les også

Emilie skulle aldri køyre motorsport – no vil ho heilt til topps

Les også

Emilie (16) og Emilie (16) grusar gutane i bilcross

Kommentarer til denne saken