(BA): Den overhegande styrtregn-faren, som blei varsla tysdag, er avblåst.
Store delar av Sør-Norge kan få styrtregn, men i solkyst-hovudstaden Bergen ser det ut til at sommaren held fram meir eller mindre ufortrødent også onsdag.
– Det er venta kraftige regnbyger i midtre og indre strøk, men i Bergen ser det ut som om det låge skydekket er i ferd med å lette. Då skal det bli ein ganske fin dag, seier meteorolog Marianne Skolem Andersen ved Vêrvarslinga på Vestlandet.
Ho varsler at det riktig nok kan bli nokre skyer.
– Men med dei temperaturane vi har kan det vere like greit.
Meteorologen utelukkar imidlertid ikkje at det kan dryppe nokre byger frå himmelen onsdag eller torsdag. Onsdagens morgontåke kan dessutan bli å sjå dei neste par dagane også.
Ifølge Yr.no blir det 30 grader i Bergen på fredag.
