Gå til sidens hovedinnhold

Generaladvokaten i Forsvaret ferdig med Helge Ingstad-saken

Artikkelen er over 1 år gammel

Politiet har fått generaladvokaten si vurdering av straffansvar etter Helge Ingstad-ulykka og håper å avgi si eiga innstilling i løpet av juni.

(BA): – Vår vurdering i Helge Ingstad-saka er sendt til politiet. Påteikninga med vurdering herifrå tilhøyrer no straffesaka sine dokument, opplyser generaladvokat Sigrid Redse Johansen til Forsvarets forum.

Generaladvokaten har vurdert straffansvar etter militær straffelov, begått av militærpersonar og straffansvar for Forsvaret som foretak.

Politiadvokat Ole Bjørn Mevatne i Vest politidistrikt seier til Forsvarets forum at dei har lese gjennom generaladvokaten si vurdering, men ikkje konkludert enno.

Politiet ønsker fortsatt ei uttale frå Sjøfartsdirektoratet som fagmyndigheit, men håpar å sende saka over til Statsadvokaten innan utgangen av juni.

Fregatten KNM Helge Ingstad kolliderte med tankskipet Sola TS ved Stureterminalen i Øygarden i Vestland fylke tidleg om morgonen 8. november i 2018. Fregatten fekk omfattande skadar og gjekk etter kvart ned.

Les også

Regjeringa har bestemt seg: KNM «Helge Ingstad» blir ikkje erstatta

Les også

Kritisk til Forsvaret: – Må ta eit kurs i navigering

Les også

Etterforskinga av Helge Ingstad-ulykka tidlegast ferdig til påske

Les også

Staten krev meir pengar etter Helge Ingstad-havariet

Derfor kolliderte fregatten og tankskipet

Les også

Vil legge ulykka bak seg

Les også

Fryktar for sjøtrafikksentralen på Fedje: – Sjøtrafikksentralen spelar ei viktig rolle i overvakinga av eit sterkt trafikkert farvatn

Les også

283.700 liter olje ut i sjøen etter fregatthavariet

Les også

Helge Ingstad sjøsett igjen

Les også

Tilsett på trafikksentralen på Fedje er mistenkt i fregatthavariet

Les også

Rekonstruerte den dramatiske natta

Kommentarer til denne saken