– Stas å verta invitert

HØSTUTSTILLINGEN: Gro Kristin Opdal, Hilde Rønning Rongevær og Liv Sunde arrangerer haustutstilling på Galleri Rustica i helga. FOTO: irene bratteng jenssen

HØSTUTSTILLINGEN: Gro Kristin Opdal, Hilde Rønning Rongevær og Liv Sunde arrangerer haustutstilling på Galleri Rustica i helga. FOTO: irene bratteng jenssen

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

For sjuande år på rad vert «Høstutstillingen» arrangert i Galleri Rustica. – Lokalet er som skapt for ei slik utstilling.

DEL

Det seier gullsmed og smykkedesignar Hilde Rønning Rongevær, som er ein av kunstnarane som tok initiativ til å arrangera «Høstutstillingen» første gong i 2009. Sidan den gong har utstillinga vorte ein tradisjon, og arrangerast kvar haust i Galleri Rustica på Holme.

– For å gjera det spennande og skapa variasjon, har det kvart år vore med ulike kunstnarar, fortel Rongevær, som er den einaste som har vore med kvart einaste år.

I år har ho med seg kunstnarane Gro Kristin Opdal og Liv Sundal, som lørdag 7. november og søndag 8. november er klare med årets utstilling.

LES OGSÅ: Morten stiller ut for fyrste gong - Håpar på god eksponering

– Veldig spent på alt

– Eg synest det var stas å bli invitert med, og er veldig spent på alt, seier Opdal, som kjem frå Gulen. Ho jobbar som kunst og handverk-lærar på Dalsøyra skule.

Opdal kjem til å stilla ut bilde ho har laga sjølv.

– Eg brukar ein teknikk med kombinasjon av måleri og manipulasjon, fortel kunstnaren, som for det meste lagar bilde av landskap og natur.

LES OGSÅ: Eit livsverk med vev

Ikkje masseprodusert

Rongevær, som er gullsmed, lagar både gull- og sølvsmykke med innslag av diamantar.

– Det eg lagar har ein annan stil enn det som vert masseprodusert og seld i butikkane. Eg jobbar på ein anna måte, og lagar kvar enkelt ting får botnen av, seier ho.

Saman med Liv Sunde, som lagar skulpturar, koppar og skåler i keramikk, stiller dei tre ut vidt forskjellig kunst.

– Eg trur folk synest det er kjekt at det er nye kunstnarar kvart år. Det hadde ikkje vore like interessant om dei same hadde utstillinga kvart år, meiner Rongevær.

LES OGSÅ: Mard Issa stiller ut i Galleri Songfuglen: – Opnar nye landskap

Kjøper julegåver

– Det har vore veldig triveleg og ha utstilling kvar gong. Det har alltid komme mykje folk, så då kan eg vel sei at det har vore vellukka så langt, smiler Rongevær, som håper det også i år strøymer til med folk.

– Ofte ser eg dei same koma igjen og igjen, og det er superstas, seier gullsmeden.

Dei tre kunstnarane kjem til å stilla ut kunst i alle prisklassar.

– Det går mot jul, og eg har erfaring med at mange nyttar høvet til å kjøpa julegåver. Difor har vi vald å selja kunst til ulik pris, slik at det kan passa alle si lommebok, seier Rongevær.

LES OGSÅ: – Overveldande oppmøte

Artikkeltags