Det er dei enkle prinsippa som gjeld, også når det gjeld å ta vare på veg. Jo lengre du ventar med vedlikehaldet, jo meir får du svi når du først somlar deg til å komma i gang.

Når det gjeld tilstanden på fylkesvegane i Vestland generelt og Nordhordland og Gulen spesielt, er det ikkje grunn til å legga noko imellom. Situasjonen er kritisk og varsellampane har blinka i mange år. Det vert berre verre for kvar dag som går.

Ikkje ein gong fylkesadministrasjonen sparar på kruttet, når dei skal karakterisera situasjonen. Nei, dei leverer reine ord for pengane:

Om ein heldt fram som i dag, vil det ta 70 år før ein har fått asfaltert alle kilometrane med fylkesveg ein gong. Når ein veit at asfaltdekket berre har ei levetid på 8-20 år, er det ikkje anna å seia enna at fylkesvegane er i ferd med å hamna alvorleg i grøfta.

Eller som fylkeskommunen sjølv skriv:

«Konsekvensen kan vere at dekke bryt saman, auke i utgifter til drift og vedlikehald og utfordringar med brøyting og skade/fare for trafikkantar.»

Med andre ord: Vegar er i ferd med å kollapsa, utgiftene til vedlikehald vert stadig høgare, og viktigast av alt: Det er fare for liv.

Tal frå Statistisk sentralbyrå er med på å stadfesta det horrible bildet. Vestand har 2724 kilometer med fylkesveg der dekket vert karakterisert som anten «dårleg» eller «svært dårleg». I fjor vart det lagt nytt dekke på 278 kilometer, noko som er meir enn på lenge. Likevel vart situasjonen forverra.

Halvparten av vegnettet Vestland fylkeskommune eig har eit dekke som rett og slett ikkje heldt mål. Ingen andre fylke kan visa til ein meir dyster statistikk, sjølv om fleire fylke har fleire kilometer med veg.

Det er no det hadde vore på sin plass å hamra laus mot den lokale fylkesordføraren frå Radøy. Det er jo han som sit med ansvaret, her. Problemet er likevel at problemet er så stort at fylkespolitikarane er relativt handlingslamma.

Grunnen er at fylkespolitikarane i Vestland rett og slett har alt for lite pengar. På same tid har dei ansvar for mest av alt det som kostar pengar. Ingen har fleire ferjer, ingen har fleire bruer, ingen har fleire tunnellar, ingen fylkeskommunar har kollektivreisande som reiser fleire kilometer.

Alt dette kostar pengar, og Vestland vert ikkje i stor nok grad kompensert for alle desse utgiftene.

Slik fylkesøkonomien fungerer, er det berre ei gruppe ein kan ta pengar frå, om det verkeleg skal monna; elevane i vidaregåande skule. Det er neppe så veldig smart.

Men me kan ikkje la fylkespolitikarane og Jon Askeland gå fri likevel. For dei er med på den same galleien som alle andre politikarar i dette landet. Dei er med på å pusha på staten for å bruka meir og meir pengar på dyrare og dyrare riksvegsprosjekt. Altså å bygga nye dyre vegar, som vil verta endå dyrare å vedlikehalda, på same tid som bruksvegane til folk i distrikta smuldrar vekk.

Det er nemleg berre ein ting som kan berga fylkesvegane i Nordhordland, Gulen og i resten av landet. Det er at Stortinget viser langt meir måtehald med nye vegprosjekt, og i staden overfører betydlege summar til fylkeskommunane for å få det enorme vedlikehaldsetterslepet til livs. I følgje tal NRK kom med i fjor, vil det kosta minst 17 milliardar berre i Vestland. For å setja det i perspektiv: Dei frie inntektene Vestland får frå staten i år er på vel 10 milliardar, som altså skal brukast på alt fylkeskommunen driv med.

Om det skal vera noko som helst realisme i at noko slikt skal skje, må fylkespolitikarane i Vestland, med Jon Askeland i spissen, visa eit heilt anna kraft mot nasjonale politikarar. Det er lite som ville gjort større skilnad i distriktspolitikken enn å få fylkesvegane opp til ein akseptabel standard. Neste gong rikspolitikarane ber om innspel til Nasjonal transportplan bør fylkesvegane stå øvst på den lista.

Det er på tide med eit opprør mot situasjonen på fylkesvegane. Om det skal vera realisme i det opprøret må det visast langt større måtehald i pengebruk på andre område.

Fortvilar over vegstandarden: – Heilt forferdeleg