Fylkeskommunen tar grep: Bekreftar at fleire skular stenger

Fylkesdirektør for opplæring i Vestland kommune bekreftar at fleire skular blir stengt, blant anna Knarvik vidaregåande skule. Foto: Morten Sæle
– Dei vidaregåande skulane, Manger folkehøgskule og fagskulen blir stengt frå og med i morgon.
Det seier fylkesdirektør for opplæring i Vestland fylkeskommune, Bjørn Lyngedal.
Han presiserer at sjølv om elevane ikkje skal på skulen, vil dei framleis få undervisning.
– Dei tilsette skal framleis møte på skulen, fordi vi kjem til å halde fram med undervisning. Alle elevane har PC og tilgang til internett, så vi vil forsøke å gi nettbasert undervisning.
Kommentarer til denne saken