Full mann forsøkte å klatre inn i Bjørgvin fengsel

Politiet tok hand om mannen, som ikkje fekk ta vegen han ønskte heim.. Foto: EMIL WEATHERHEAD BREISTEIN
– Han meinte at dette var vegen han måtte gå for å komme seg heim, seier politioverbetjent Sølvi Vetaas.
(BA): Ved 0400-tida natt til torsdag skjedde det noko uvanleg ved Bjørgvin fengsel i Åsane.
– Det var ein kraftig berusa mann som forsøkte å kome seg inn i fengselet, seier politioverbetjent Sølvi Vetaas ved Bergen nord politistasjon.
Han ville klatre over gjerdet, men vart stoppa av dei tilsette som vanlegvs passar på at folk ikkje klatrar ut derifrå.
– Han meinte at dette var vegen han måtte gå for å kome seg heim, men fekk ikkje lov, opplyser Vetaas.
Politiet sendte ein patrulje til fengselet, som tok hand om mannen i 50-åra. Han vart kjørt heim tl bustaden sin i nærområdet.
Det har ikkje lykkast BA å få ein kommentar frå fengselsleiinga om opptrinnet. Politiet har ikkje planar om å gjere noko meir med saka, ifølgje Vetaas.