Frivillige går hyttevakt i fleire kommunar

I fleire kommunar har lokalbefolkninga starta tilsynsdugnad for å passe på tomme hytter.

DEL

(Firda): – Eg føler eigentleg at me har ei plikt til å gjere dette så lenge me sjølve er friske og kan gå ut. Det er jo ein vinn-vinn situasjon. Dei blir trygga ved at hyttene blir sett til, og eg får meg ein veldig fin tur på plassar som eg elles ikkje ville gått, seier Heidi Rosseland i Gulen kommune, ein kommune som har nesten like mange hytter som hus, til NRK.

Då regjeringa innførte forbodet som forbyr overnattingar på fritidsbustadar utanfor heimkommunen, tenkte Rosseland med ein gong at ho måtte hjelpe til. NRK melder om at mange har meldt interesse for å drive hyttetilsyn, både i Gulen og andre kommunar.

Lensmann i Kjell Idar Vangberg i Nordhordland politidistrikt synest at tilsynsdugnaden er eit godt tiltak.

– Eg tykkjer det er bra med nabohjelp. Folk har framleis lov å reise på hytta for å ta velferdssjekk. Då er det fornuftig at hyttefolket allierer seg med kvarandre eller ber dei som er fastbuande i området, om å sjå til hyttene, seier han til statskanalen.

Artikkeltags