Takla vanskeleg vind

VANN FØRSTE RUNDE: Oddbjørn Molvik frå Molvik tok sigeren i juniorklassen i første runde av EuroTour i frisbeegolf førre helg. Arkivfoto: Morten Sæle

VANN FØRSTE RUNDE: Oddbjørn Molvik frå Molvik tok sigeren i juniorklassen i første runde av EuroTour i frisbeegolf førre helg. Arkivfoto: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Banen var veldig utfordrande, eg har aldri vore borti noko sånt før, seier Oddbjørn Molvik.

DEL

Førre helg vann han juniorklassen i første runde i EuroTour som vart avvikla i Dunbar, Skottland.

– Eg har aldri vore i Skottland før, det var veldig fint der og utruleg gøy, seier Molvik.

– Frisbeegolf er veldig sosialt, og ein møter mange nye folk.

Han fortel at bana i Skotland var veldig utfordrande.

–Eg har aldri vore borti noko sånt før, det vart ein heilt annan måte å spilla på, forklarar han.

– I tillegg var det mykje vind, og det prega spelet veldig. Vinden var heilt oppe 20–25 m/s. Det var ei ny oppleving for meg å spela i storm, seier Molvik som spelar for klubben «Stormkast» i Bergen.

Stormkast

– Her vart det rett og slett stormkast, seier Molvik, som trass dei vanskelege tilhøva meistra banen og tok sigeren i juniorgruppa.

– Eg klarte å omstilla meg etter eit par treningsrundar, seier han.

Turneringa gjekk over to dagar, med 2x18 hull lørdag og 1x18 hull søndag pluss 9-hulls finale. Mange av Europa sine beste spelarar var på plass i dei beste klassane, og ut frå resultata kan ein lesa at Molvik ville hevda seg heilt i toppen i dei beste klassane.

– Eg kunne spelt i «open» og «advanced», men dette er siste året mitt som junior, difor ville eg stilla i den klassen, seier han.

Molvik går no idrettslinja med allmennfag på Sygna Vidaregåande skule.

Laga ny bane

– Eg er ganske heldig som har ein veldig snill skule som hjelper meg å reisa på turneringar, det er heilt konge, seier han.
På skulen har dei sett opp 11-hulls frisbeegolfbane i haust, eit prosjekt Molvik sjølv har stått for.

– Vi har frisbeetrening kvar torsdag, der eg lærer dei litt forskjellig. Vi har ei lita gruppe som begynner å få det til.

Neste månad er planen å få dei med på turnering.

– Eg har ei lita overrasking til dei, eg vil prøve å få dei med på Molvik Open, som er 4. april i år, fortel han.

Det blir ein del spel framover, men konkrete planar for å stilla i fleire rundar av EuroTour har han ikkje enno.

– Neste ut er Molvik Open, så blir det tur til Arendal i slutten av april, for å spela Norgescup, seier han.

Artikkeltags