Rekord og moro i Sleirsfjellet opp

RASKAST:  Torbjørn Ludvigsen   (BG løpeklubb) sette ny rekord Sleirsfjellet Opp.

RASKAST: Torbjørn Ludvigsen (BG løpeklubb) sette ny rekord Sleirsfjellet Opp.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Aldri har nokon sprunge så fort til Sleirsfjellet. At det går an!

DEL

Torbjørn Ludvigsen, ein av landets beste motbakkeløparar, laga eit imponerande høgdepunkt i det sjuande Sleirsfjellet opp.

Imponerte gjorde også dei andre 308 deltakarane. Dei kom seg til topps, og nedatt. Til grendahuset på Sleire med full musikk, velkomstdrikke og triveleg myldring.

Sjå bildeserie frå

«Det er i motbakke det går oppover»

3,4 kilometer til 543 meter over havet på 20 minutt og 44 sekund er fort. Det er den nye rekorden til Torbjørn Ludvigsen. Fascinerande og inspirerande!

Det å springe i slike motbakkar er for mange i seg sjølv utenkjeleg. Dei fleste som ikkje har det for travelt, går til Sleirsfjellet i ytre Masfjorden på ein liten time meir enn rekorden.

Ludvigsen var også ein kjekk kar med sans for eit folkeleg arrangement, utan kommers, men med tid til prat, høyre på musikk og andre sine resultat, og tid til å ete noko godt frå 8. klassen sin kafe.

«Det er fordi ein ikkje gjer seg at ein kjem seg i mål»

Sleirsfjellet opp har både konkurranse- og mosjonsklasse. Risnes idrettslag inviterer alle med. Rekordhaldarar, mosjonistar, sambygdingar, tilreisande, heimvendte, unge talent, gullungar, tanter, lensmann og prest. Alle som dei er.

Ordførar Karstein Totland takka Risnes IL for eit kjempeflott arrangement, og held fram at både han og andre har godt av å gå ein motbakke.

«Det viktigaste er ikkje å vere best, men å prøve sitt beste»

Mange deltakarar sette rekordar. Beste kvinne var Sara-Rebekka Færø Linde.

 I yngre klassar var talent på talent. Kristoffer Nilsen Apeltun var den eine i aldersgruppa 11-13 år, som sprang under halvtimen opp (28,55). I jenteklassen same alder vann Selma Barmen Stein.

I nokre klasser er det ikkje mange deltakarar, så tøft er det når Eline Vabø spring aleine i jenteklassen 14-16 år. Hald fram! Risnes IL har mange gode løparar i eigne rekkjer.

Randi Kjøsnes er med på mange løp, og held fram at det er veldig kjekt og viktig at folk i alle aldrar og på alle nivå er med. Det bidreg til den gode stemninga før, under og etter løpet.

«Uansett kor sakte det går så knuser du alle som ligg igjen på sofaen!»

Risnes IL har ei fast arbeidsgruppe som år for år syter for god gjennomføring av løpet. Tove Kristin Sleire Tistel, Tone Haugsvær, Harry Daae og Sigvald Kvinge. Mange frivillige likar motbakke-moroa.

Leif Sleire stiller som spelemann og TK Nilsen som speaker. Også på sponsorsida er fleire med på laget.

Gulen røde kors er ein viktig samarbeidspart. Motbakkeløp treng ivareta tryggleik viss uhellet er ute. Det regnblaute terrenget er ikkje optimalt føre når hundrevis fer gjennom den same løypa to gonger. Men dei fekk lite å gjere på i år også. Ikkje eingong eit gnagsår å sjå.

«…det er på’an igjen, på’an igjen!»

Sleirsfjellet opp i 2016 vil komme første lørdag i juni neste år. Det er berre å glede seg, og legge seg i selen. For det er sant. Det er i motbakke det går opp-over.

RESULTAT:

Raskaste menn 21-40

1. Torbjørn Ludvigsen, BG Løpeklubb  20.44

2. Erland Linde Lorentz

3. Knut Magne Hauge 24.41

4. Vidar S. Tistel, Risnes IL 25.37

5. Ole Vabø, Lindås IL 29.09

6. Torleif Matre 29.27

7. Ronny Vabø 31.47

8. Ørjan Langhelle, Bjørn West 32.06

9. Cameron Krige, Risnes IL 33.09

10. Stian Daae, Risnes IL 39.20

Menn 41-50

1. Morten Tronstad, Team Melkesyre 29.48

2. Øyvind Håheim 32.09

Menn 51-60

1. Rolf Vabø, Lindås IL 32.52

2. Johnny L. Langevatn,  33.01

3. Tom F. Sævareid, Eikanger IL 44.12

Menn 61-70

1. Klaus N. Takle, Brekke IL 29,44

2. Svein Elvik 34.17

Gut 17-20

1. Lasse Virkesdal 24.54

2. Bjørn Hugo Herfindal 25.26

3. Magnus Johan Færø, Eikanger IL 26.22

4. Eivind B. Toft 28.22

5. Åsmund Angeltvedt 32.09

Gut 14-16

1. Tarald Kristoffersen, Bjørn West 27.22

2. Asbjørn T. Undertun, Eivindvik 28.37

3. Bjørnar T. Størkersen, Risnes 36.00

Gut 11-13

1. Kristoffer N. Apeltun, Eikanger IL 28.55

2. Finn Vabø, Lindås IL 31.49

3. Torsten H. Vågene, Risnes IL 38.13

4. Ander H. Pedersen, Hovding IL38.24

5. Mathias B. Hjartholm, Risnes IL 46.19

6. Ragnar Vabø, Knarvik IL 46.38

Raskaste kvinner 21-40:

1. Sara-Rebekka L. Færø 27.39

2. Åshild Krige, Risnes IL 27.53

3. Mette J. Ansnes, Eikanger IL 31.29

4. Ellen Harbakk, Vik IL 38.32

Kvinner 41-50

1. Randi Kjøsnes, Risnes IL 30.23

2. Heidi J. Hilland, BG løpeklubb 38.56

3. Turid Rekve, Risnes IL 39.28

4. Hege Bækken, Eikanger IL 40.52

5. Hege Brekke, Aks77 42.35

Kvinner 51-60

Ingunn Kvalsvik 41.58

Jenter 14-16

Eline Vabø 48.37

Jenter 11-13

1. Selma B. Stein, Fana IL 37.35

2. Thea Håvåg, Bjørn West 40.04

3. Kristine S. Tistel, Risnes IL 40.05

4. Nora K. Iden, Aks77 42.34

5. Bergit Ynnesdal, Risnes IL 45.06

Open turklasse:

Agnes Gral-Madsen. Bente Merete Færø, Bendik Kvamsdal, Arne Kvamsdal, Thomas Kristoffersen, Monika Gullaksen, Gjertrud Gullaksen, Ida Marie Gullaksen, Roy Andre Storheim. Viljar Storheim, Kristin Brekke, Ask Ulrik Brekke Iden, Kjetil Iden, Ole Håvåg, Sivert Håvåg, Solveig Laumark-Møller, Elias Molland Birkeland, Jan Steinar Høsteland, Ådne Holmås

Artikkeltags