Nøttveitveten byr på spektakulær utsikt

VIDSYN: Alt på vegen opp får ein flott utsikt vestover mot Øygarden. Frå toppen er det ein fantastisk utsikt i alle himmelretningar.

VIDSYN: Alt på vegen opp får ein flott utsikt vestover mot Øygarden. Frå toppen er det ein fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

På klare dagar kan ein skimta opp til fleire plattformer i Nordsjøen om ein skodar ut over havet frå toppen av Nøttveitveten.

DEL

Topp nummer 7 i årets selfie-konkurranse i regi av KnarvikMila og Knarvik senter, er Nøttveitveten på Radøy.

Gode stiar

Vi gjekk turen med start på det høgaste punktet på bilvegen mellom Marås og Manger. Turen går på gode stiar over beitemark, og det er laga gode trappeovergangar over gjerda. Alt etter nokre minutt får ein flott utsikt vestover mot Øygarden.

LES OGSÅ: Rodde Radøy rundt på 19 timar

I Dyrdalen startar oppstiginga til sjølve Nøttveitveten, som ragar 205 meter over havoverflata. Her kan ein velja å gå gjennom skogen eller på stien som går utanfor, litt lenger vest.

Gapahuk

På toppen er det sett opp ein gapahuk, her finn ein også selfiebanneret ein må ha med på bildet for å vera med i trekninga. Frå toppen har ein fantastisk panoramautsikt i alle himmelretningar.

LES OGSÅ: Markerte Speiderdagen på Håøy

Har ein først komme seg så langt er det ein flott tur vidare til Morkefjellet, som er det høgaste fjellet i Radøy, 217 moh.

Ti turmål

Her er dei ti turmåla som er med i konkurransen der det vert trekt ein sekk blant dei som besøker turmålet og sender inn ein «selfie» via Instagram eller MMS.

1. Fløyen, Kløve i Lindås

2. Gladihaug, Lindås

3. Sleirsfjellet, Masfjorden

4. Stegane/Indregardsfjellet

  Knarvik i Lindås

5. Håøytoppen, Meland

6. Vardetangen, Austrheim

7. Nøttveitveten, Radøy

8. Veten, Hordvik i Åsane

9. Austlendingen, Lindås

10. Skausnosen, Lindås

På kvar plass finn du tydeleg info om korleis du går fram for å delta. Lukke til!

Artikkeltags