Gå til sidens hovedinnhold

Sterkt nyttårsløp av Sara

Artikkelen er over 4 år gammel

Sara Rebekka Færø Linde starta 2017-sesongen med eit sterkt løp i vinterkarusellen på Eikanger.

Med tida 7.35 var ho berre sju sekund etter vinnaren av herreklassen.

Berre Sara Rebekka sjølv og søstera Bertine Helene Færø, som deler løyperekorden på 7.22, har sprunge fortare rundt Eikangervågen.

Det var 26. gong Sara Rebekka var raskaste kvinne i karusellen. Ho har ikkje delteke så ofte dei siste åra. Førre gong ho deltok og vann var i siste løpet våren 2015.

LES OGSÅ: Heile familien på lag i fotballcup

Aktiv i 25 år

Etter å ha vore aktiv i friidrett i 25 år, kjem Sara Rebekka (f. 1982) i år opp i veteranklassen (KV 35-39). Om ho satsar på det, kan ho verta ein sterk lokal deltakar i veteran-NM i Knarvik til sommaren.

Raskast av alle i nyttårsløpet var Tore Klanderud (f. 1967) med tida 7.28. Veteranen frå Hordvik tok med det andre sigeren sin på Eikanger. Førre gong han vann var i det glatte nyttårsløpet for sju år sidan. Han var berre fem skund etter bestetida si frå 2013.

LES OGSÅ: Denne gongen blei det ikkje Idrettsgalla-pris på Urhaug

Sterke gutar

Etter veteranane Helge Færø og Bjørnar Eidsheim på 3. og 4. plass, kom to sterke gutar i 2003-klassen. Kristoffer Nilsen Apelthun viste med tida 7.51 at forma etter ein tyngre periode er på veg oppover. Berre fem sekund etter han kom jamgamle Kristoffer Hopland. Ny framgang vart det på to år yngre Johannes Hopland. Med 8.40 kutta han den tidlegare bestetida si med sju sekund.

 

Forholda under løpet laurdag var gode med berr veg og vindstille. Men temperaturen nærma seg null under løpet og det var rett før det fraus på enkelte stader. Og skuleplassen var eit einaste glatt is-svell.

72 personar stilte til start, og fleirtalet av dei tok turen utan tidtaking.

LES OGSÅ: – Vil utvida senteret

«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Tore Klanderud 7.28

2. Sara R. Færø Linde 7.35

3. Helge Færø 7.40

4. Bjørnar Eidsheim 7.48

5. Kristoffer Nilsen Apelthun 7.51

6. Kristoffer Hopland 7.56

7. Vebjørn Haugsdal 8.06

8. Rolf Vabø 8.19

9. Grethe Jørgensen 8.24

10. Johannes Hopland 8.40

11. Egil Opsal 8.48

12. Erlend Titland 9.11

13. Stian Skar Kolås 9.26

14. Amalie Kallestad 9.30

15. Terje Eidsnes 9.48

16. Arve Henningsen 9.54

17. Stina Nes Sjursen 10.16

18. Kjell Namtveit 10.37

19. Olai Nepstad 10.41

20. Jan Kårbø 10.53

21. Ida Herland Sæthre 10.55

21. Nils Rune Sæthre 10.55

23. Sverre Solberg 11.41

24. Harald Hansen 12.11

25. Silje Nes Sjursen 12.20

26. Anette Kristiansen 16.53

 

Utan tid:

Ingrid Søiland Askvik, Syvert Søiland Askvik, Semir Ebsa, Leiv Eidsnes, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård

Espevoll, Andrea W. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Knut Fyllingsnes, Kristoffer W. Fyllingsnes, Rebekka W. Fyllingsnes, Renate Fyllingsnes, Samuel Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Nikolai Færø, Arvid Hauge, Stanley Hauge, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Sjur Øren Heggernes, Arnfinn Hellevang, Daniel Sjursen Hole, Katrine Hopland, Torunn Hopland, Alf Høyland, Marius Skar Kolås, Inge Leknes, Ludvig Færø Linde, Unni Midtgård, Inge Nævdal, Susanne Rebnord, Håkon Rongved, Robert Skar, Sissel Skårnes, Elisa Søiland, Grethe Titland, Åge Toft, Anna Ådnanes, Ingrid Ådnanes, Magnus Ådnanes, Martin Ådnanes

Vinterkarusell 2016-17, 5. løp.

Eikanger 7. januar 2017

Arr.: Eikanger IL

Skya, opphald, berr veg, + 0-1° C.

Neste løp:

Laurdag 26. januar

Kommentarer til denne saken