Gå til sidens hovedinnhold

To unggutar var best i nyttårsløpet

Den unge garde i tet på nyttårsløpet

Artikkelen er over 3 år gammel

To unggutar var raskast i nyttårsløpet på Eikanger laurdag. Adrian Hauge Haugland vann på tida 7.16.

Den unge debutanten frå Bøvågen, fødd i 2000, var 18 sekund føre den tre år yngre Kristoffer Hopland (f. 2003).

Kristoffer, som er frå Eikanger, sette ny personleg rekord med 7.34. Han betra bestetida si frå oktober 2016 med fem sekund, og han var 11 sekund raskare enn i løpet rett før jul.

Grethe Jørgensen var for tredje gong denne sesongen raskaste kvinne – denne gongen med 8.06.

Nest raskast av kvinnene var Kristin Romarheim på 8.43 som var 17 sekund betre enn den tidlegare bestetida hennar frå oktober 2013. Amalie Kallestad sprang også eit godt løp på 8.48 og var berre ni sekund etter rekordløpet sitt i april i fjor.

Les også

No er Ivar Askeland blitt assistentdommar i Eliteserien

 

Stigande form

Nedover på resultatlista var det fleire som kunne notera seg for betre tider enn i løpa i fjor haust.

 

Are Flekke viser klart stigande form med 8.31 etter at han i ein periode har slite med å koma særleg under ni minuttar. Men han har enno eit stykke fram til bestetida si på 7.55.

Veteranen Aase Midtgaard Skrede sette ny personleg rekord med 9.29 og har denne sesongen betre bestetida si frå 2012 med 20 sekund. Og veteranen Jan Kårbø sprang halvminuttet fortare enn han gjorde før jul.

Les også

Kampsporten har fått eigen arena på Radøy: – Ein draum som går i oppfylling

 

Gode forhold

Forholda under løpet laurdag var gode med berr veg rundt heile løypa, vindstille og nokre minusgrader. 74 deltakarar stilte til start og vel 40 av dei tok turen rundt Eikangervåg som trim utan tidtaking.

Neste løp går laurdag 27. januar.

 

Kommentarer til denne saken