Hedda på rekruttlandslaget

LANDSLAGET: Hedda Hauge Aasgård (til venstre) er tatt ut på rekruttlandslaget i friidrett. ARKIVFOTO

LANDSLAGET: Hedda Hauge Aasgård (til venstre) er tatt ut på rekruttlandslaget i friidrett. ARKIVFOTO

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Vert påskjøna for gode resultat.

DEL

Hedda Hauge Aasgård (15) kan visa til så gode kastresultat i 2015 at ho teke med på Norges rekrutteringslandslag i Friidrett som hospitant, melder AKS-77 i ei pressemelding til avisa Nordhordland. Hedda satsar mest på sleggekast, men kan visa til svært gode resultat i både kule, diskos og vektkast.

Ho er framleis eit år for ung til å vera ein fast del av rekruttlandslaget, men skal vera med på fleire samlingar med rekruttlandslaget det neste året. Ho vart rangert som nummer to i landet i sin årsklasse i både slegge, vektkast og diskos i 2015.

I helga deltok ho i Pingvinleikane i i Leikvanghallen. Der fekk ho ein andreplass i kule, med 8,75 meter.

LES OGSÅ: Har brukt 23 heile årsverk på frivilleg arbeid for idretten

Fil AKS-77 stilte med 22 utøvarar på årets Pingvinleikar, som med nesten 700 deltakarar er årets Pingvinleikar vestlandets største innandørsstemne gjennom alle tider. Fleire av dei yngste utøvarane frå Fil AKS-77 deltok i friidrettskonkurransar for første gong. Likevel var det mange som fekk oppleva å flytta både eigne grensar og personlege rekordar.

LES OGSÅ: Laurdag sprang han Stoltzen opp, søndag sette han banerekord på 5000-meteren

Artikkeltags