Her er dei lokale kandidatane til Noregs beste på Insta – No kan du stemma på din favoritt

Her er kandidatane som avisa Nordhordland sine lesarar skal stemma fram til den nasjonale konkurransen.

Her er kandidatane som avisa Nordhordland sine lesarar skal stemma fram til den nasjonale konkurransen. Foto:

Nominasjonen til Instagram-konkurransen er over. Åtte kandidatar skal no bli til to.

DEL

Saman med Nettavisen og ei mengd andre lokalaviser i Norge skal me kåra Norges beste på Instagram.

Søndag kveld var nominasjonsrunden over og avisa Nordhordland har fått inn 25 forslag til Instagram-brukarar som ville vera med med vidare i konkurransen.

Avisa Nordhordland har no plukka ut åtte av dei nominerte til ein lokal avstemmingsrunde. Nedst i saka kan du gi di stemme.

Her er ei oppsummering av kandidatane:

Solveig Nygård Haugland, Frekhaug (@makeupandfreckles)

14 600 menneske frå heile verda får med seg sminkekunstene til 16 år gamle Solveig Haugland frå Frekhaug.

– Eg har eit stort behov for å uttrykka det eg har inni meg. Eg fall for sminke for der får eg både uttrykt meg kunstnerisk og arbeida med beauty samstundes, seier ho.

På kontoen viser ho fram bilde av seg sjølv med all slags kunstnerisk sminke. Ho viser og videoar av korleis ho får fram kunstverka sine. Dei fyrste bilda på kontoen er frå mars 2017.

– Kontoen er ein måte for meg å dela det eg gjer, seier ho og fortel at det har vore til stor hjelp.

– Og det vil hjelpa meg med å få tilbakemelding og utvikling, seier ho.

Marthe Halle, Hjelmås (@marthesbibel)

16 år gamle Marthe Halle har ikkje meir enn 119 følgarar på sin konto. Men ho seier til avisa Nordhordland at ho ikkje bryr seg så mykje om likes og følgarar, sjølv om ho innrømmer at det er kjekt å få positive tilbakemeldingar.

Ho kallar seg sjølv hobbyfotograf.

– Eg har masse bilde som eg er stolt av, gøymt vekk på ein disk på PC-en min, og eg ønska ein plass der eg kunne dela dette med andre. Derfor lagde eg kontoen, seier ho.

View this post on Instagram

🏬☂️🏫 - #årstad #bergen #regn #rain #city

A post shared by Marthe📸 (@marthesbibel) on

Aina Mjøs, Frekhaug (@ainamjoes)

– Turane mine handlar ikkje om å komma heim med insta-vennlege bilde, men heller bilde som beskriv den fine opplevinga.

Det seier Aina Mjøs (30) frå Frekhaug.

Ho har eit par tusen følgarar som ser på bilda hennar når ho er ute på tur. Det vera seg med hundane, på ski, sykkel eller med vogn.

– Eg har alltid hatt fotointeressa, seier ho.

– Eg deler bilda mine for å inspirera folk til å komma seg ut med hunden sin, og visa kor vakker naturen er. Små og store turar i naturen og fjellet er viktig for meg, og eg har alltid med meg hundane, sambuaren min og kamera, seier ho.

View this post on Instagram

And now, we rest 🏔️

A post shared by Alaskan Malamute (@ainamjoes) on

Ruben Soltvedt, Frekhaug (@rubensoltvedt)

Ruben Soltvedt har 9 300 følgarar på sin konto, ein konto han brukar som inspirasjon til dei som føl han.

– Eg har fått ein del tilbakemeldingar frå folk som har byrja med foto på grunn av meg og som har byrja å ta med ungane meir ut, seier den 26 år gamle trebarnsfaren.

– Eg vil visa verda på den måten eg og min familie ser den, seier han.

Soltvedt seier at han med kontoen vil visa at mikroeventyr er viktig, i tillegg til dei større planlagde eventyra. Soltvedt fortel at kontoen på Instagram har gjeve han fleire moglegheiter.

– Me har fått fleire sponsa avtalar og betalte oppdrag for fleire større bedrifter. Så eg ser at dette er noko eg ein dag kjem til å kunne leva av, så lenge pågangsmotet er på topp, seier han.

Anne Merethe Reknes, Masfjorden (@annemrek)

Den travle trebarnsmora frå Masfjorden har fått nesten 12 000 følgarar som føl med på strikkeprosjekta hennar på Instagram.

Den 32 år gamle kvinna lærte seg strikking då ho var fem år gammal, av bestemor si. Men det måtte både ein og to ungar til før det tok av for alvor.

For ein del år sidan byrja ho å samla bilde av det ho hadde strikka på kontoen sin på Instagram. Tanken var først og fremst berre å samle og dokumentera produksjonen, mest som mi eiga vesle strikkedagbok.

– Men etter kvart som eg sjølv oppdaga kor mykje inspirasjon det var å henta hjå ulike kontoar på Instagram, balla det òg på seg i motsett retning – og plutseleg var det fleire tusen som følgde med på strikkegalskapen, fortel ho.

Ho hadde aldri forventa at det skulle ta sånn av.

– Og sjølv om ein av og til kan føla på presset om alltid å måtta levere godt nok, er det for det meste berre kjekt, seier ho.

Reknes seier det er kjekt å dela inspirasjon og felles interesser med eit miljø som etter kvart har vorte stort.

– Det har og gjeve meg fleire gode bekjentskaper, også på utsida av mobilen, seier ho.

Veronica Nøttveit, Kløvheim (@Veroaaunott)

Den 27 år gamle småbarnsmora frå Lindås jobbar som sjukepleiar, når ho ikkje legg ut treningsvideoar på Instagram. Trening og fysisk aktivitet er ein stor lidenskap for ho og avisa Nordhordland har mellom anna skrive om ho før då ho dreiv med bikinifitness.

– Eg ønskjer å spreia treningsglede, treningsinspirasjon og oppmoda til kvardagsaktivitet, seier ho.

På kontoen sin viser ho dei litt over 700 følgarane ulike styrkeøvingar.

– Mellom anna effektive treningsøkter gjennom filmar, som kan gjerast heime i travle kvardagar, seier ho.

Ingrid Ryland, Austrheim/Stockholm (@ingridryland)

For mange er nok Ryland meir kjend som ei av landets beste fotballspelarar med karriere bak seg i både Avaldsnes, Liverpool og no Djurgården i Sverige. Men ho er og aktiv på Instagram og har skaffa seg nesten 3 000 følgarar der. På kontoen legg ho ut bilde frå livet på fotballbana, men og meir private ting.

– Formålet med kontoen er å visa litt av mitt liv som fotballspelar. Eg ønsker og å inspirera andre fotballspelarar med fotballspesifikk trening og andre generelt til ein meir aktiv kvardag, seier ho.

Ole Fiksdal, Frekhaug (@fiks_photo)

Over 21 000 menneske får med seg bilda til Ole Fiksdal på Instagram. Det heile byrja med ein kompisgjeng og flugefiske, og har balla på seg frå der.

– Det var ei friluftsgreie, der eg og eit par tjommiar som for på flugefiske og andre turar og tok bilde med iphone. Me tok berre bilde på gøy, men så såg me at folk var interessert i det me dreiv på med, seier Fiksdal til avisa Nordhordland.

Sidan har det balla på seg.

Han seier at for han er målet med insta-kontoen å inspirera folk til å komma seg ut, visa fram den flotte vestlandsnaturen med fokus på Nordhordland og bergensregionen.

Blant dei råaste opplevingane han har hatt var i mars i år då dei var på Ulriken i 20 minusgrader og tok bilde.

– Ein treng ikkje reisa lenger vekk enn det for at det skal verta rå opplevingar, seier han.

Frist for å stemma er søndag 25. november klokka 23.59.

Me skal senda to stykk vidare til den nasjonale kåringa. Det vert avgjort på basis av stemmene som kjem inn samt ei fotofagleg vurdering gjort av fotografane Øyvind Ganesh Eknes og Morten Sæle samt stemmene som kjem inn.

Om du er ein av dei blir du kontakta av oss.

Den nasjonale vinnaren vert kåra i romjula.

Lukke til!

Om me oppdagar at same personen stemmer mange gonger vil vi samle desse stemmene i ei stemme.

Artikkeltags