Framtida ligg i Dampen

INSPIRASJONSRIK OPNING: Her takkar dagleg leiar i Industriutvikling Vest, Børge Brundtland, Arne Dalland og Tor Steinar Olsen i Norwegian Weather  Protection AS for deira presentasjon av firmaet. ALLE FOTO: SIgrun Haugsdal Reknes

INSPIRASJONSRIK OPNING: Her takkar dagleg leiar i Industriutvikling Vest, Børge Brundtland, Arne Dalland og Tor Steinar Olsen i Norwegian Weather Protection AS for deira presentasjon av firmaet. ALLE FOTO: SIgrun Haugsdal Reknes

Artikkelen er over 4 år gammel

Det vart ein inspirerande opningsfest av bygget, som er meint å vera ein møteplass for lokale gründere.

DEL

Det er Industriutvikling Vest som har etablert eit slags gründerfellesskap i Nordhordland, plassert like under Hagelsundbrua.

Offisiell opning

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen var invitert for å opna bygget, og det klarte han fint, sjølv om han for anledningen mangla ordførarkjedet sitt. – Det er faktisk på rens, sa han humoristisk. Trass i at kjedet mangla vart bygget erklært opna.

For å skape latter og gjere stas på namnet som bygget har fått, var Claus Sellevoll inne og skapte mykje latter blant gjestane.

Inspirasjon

Tidlegare skiskyttardronning Liv Grete Skjelbreid heldt eit inspirerande foredrag, der ho fortalte om sin veg mot sitt mål. Her fekk ein innblikk i oppturar og nedturar, og i hennar strategi for å kjempa seg heilt til topps.

Ein fekk også høyra frå lokale gründere. Frå å vera ei lita, lokal bedrift i små lokale, har Norwegian Weather Protection AS hatt ei enorm vekst. – Idag er vi eit godt etablert selskap, med ein solid bransjeerfaring, og vi er klare for ytterlegare vekst, fortalte dagleg leiar Arne Dalland og salgssjef Tor Steinar Olsen.

«Få opp dampen»

Fungerande ordførar i Lindås, May Eva Sandvik hadde berre gode ord å kome med. – Vi kan nesten ikkje ønska oss meir i Lindås, i forhold til næring, sa ho. – Og namnet er fantastisk flott, med fleire betydninger. Det seier sitt om effektivitet, samtidig som det viser til lokal historie.