Dag Erik Hagesæter ferdig som leiar av Alver FrP

Dag Erik Hagesæter, Alver Frp

Dag Erik Hagesæter, Alver Frp Foto:

DEL

Tysdag ettermiddag stadfestar Alver FrP at Dag Erik Hagesæter har trekt seg som leiar i Alver FrP og som styremedlem i Vestland Frp.

Alver FrP har tatt avstand frå Hagesæter sine utsegn, og seier dette ikkje er FrP-politikk.

Bakgrunnen for at han trekk seg er ein intervju han gjorde med Avisa Nordhordland der han seier at «dersom kvinner vil tena like mykje som menn, må dei byrja å jobba som menn». Saka er basert på eit innlegg som Hagesæter delte på eit offentleg forum på Facebook.

Intervjuet har vekt stor merksemd og ført til mykje debatt tysdag.

Ordførarkandidat og nestleiar i partiet, Nina Stabell Øvreås overtek Hagesæter sine roller.

– Å legga ut noko slikt på Facebook er ikkje greit, og eg er glad for at Hagesæter har sletta innlegget, seier Stabell Øverås i ei pressemelding frå partiet.

Ho seier at Alver FrP er opptatt av å få merksemd om deira løysningar for ei verdig eldreomsorg med fokus på brukarane, ein god skule, kampen mot bompenger og eit trygt lokalmiljø.

– Det skal eg jobba for framover, seier ho i pressemeldinga.

Det gjekk over ein månad frå innlegget vart lagt ut til Hagesæter trakk seg frå verva sine.

Til avisa Nordhordland seier Stabell Øvreås at Alver FrP tidlegare har reagert overfor Hagesæter og tatt dette opp på eit styremøte i partiet og bede han fjerna innlegget, utan at det skjedde.

– Kva tykkjer du om det?

– Det vil eg ikkje uttala meg om, seier ho.

Stabell Øvreås gjentek det ho seier i pressemeldinga at dette ikkje er noko kjekk sak for partiet.

– Men no er det ordna opp og me må sjå framover. Me har ikkje noko val, seier ho.

Ho understrekar at ho ikkje er einig med Hagesæter.

– Vart du som kvinne støytt då du såg innlegget?

– Eg er ikkje einig i det han skreiv, men eg vart ikkje støtt. Men eg vart litt sint då eg såg innlegget, seier ho.

– Vert Hagesæter ein aktiv del av valkampen til Alver FrP?

– Nei, han skal ikkje vera med på nokon stands, sluttar ho.

Avisa Nordhordland har vore i kontakt med Dag Erik Hagesæter, men han vil ikkje uttala seg i saka og viser til Alver FrP.

Artikkeltags