Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
I nærare 20 år har det vore arbeidd hardt med å få på plass ei bru over Masfjorden, der ferjeavløysingsordninga er ein avgjerande del av finansieringa.
I Statsbudsjettet for 2021 var det i utgangspunktet ikkje dei store nyhenda angåande ferjeavløysingsmidlar – ei ordning som er meint å kunne finansiera vegutløysing av ferjesamband slik som sambandet mellom Masfjordnes og Duesund.
I Masfjorden Framstegsparti beit me oss merke i at det ikkje såg så bra ut denne gongen heller, så då budsjettet var vedteke kontakta me stortingsrepresentant Helge Andrè Njåstad og Fylkestingsrepresentant Sigbjørn Framnæs. Målet sidan då har vore å pressa gjennom auka løyvingar til ferjeavløysingsordninga i revidert nasjonalbudsjett, slik at Masfjorden kjem viktige og avgjerande steg nærare bruprosjektet.
Masfjordsambandet er eigentleg finansiert. Det ein ikkje har greidd å få på plass er ei ordning for å dekka rentekostnadane dei første åra etter at brua er ferdig, den såkalla «pukkeleffekten».
I Regjeringa sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett låg det inne nokre kroner – nærare bestemt inntil 50 millionar årleg til å bøta på pukkeleffekten. Desse pengane var tenkt delt ut over alle samband som vart ferdigstilt innan 2027. Ein god start, men langt frå nok. I samarbeid med Njåstad, Framnæs og fleire til, er ordninga no ytterlegare betra.
Dei 50 millionane, som var maksimal sum som skulle fordelast gjennom prosjekta, er no vorte til den minste summen Staten skal bidra med. Det har ein fått til ved å seie at alle samband som vert ferdigstilt innan 2027 får minimum 25% av rentekostnadane dekka dei første åra, slik at pukkeleffekten får seg ein kraftig reduksjon. Med dette viser Staten at distrikta betyr noko, og at det er viktig at lokalsamfunna lever og utviklar seg!
Dette er resultatet etter mykje godt arbeid frå fleire hald og over lang tid. Dei siste månadane har vore ekstra intense, der Jostein Duesund og Ørjan Daae har stått i spissen frå Masfjorden Framstegsparti si side - godt støtta av lokallaget, Helge Andre Njåstad og Sigbjørn Framnæs.
Det merkelege er at andre parti på sentralt hald ikkje ser nytteverdien av å gjera ordninga så god at den faktisk kan nyttast. Framstegspartiet ynskjer at det skal vera lys i husa i distrikta – også i Masfjorden. Framstegspartiet meiner at dette er eit høvesvis lite, men svært viktig bidrag til å sikra nettopp det.
Det ser ut som det nærmar seg noko. No er det opp til Vestland Fylke sine politikarar å få Masfjordbrua realisert.

Ny ordning gir nytt håp for den etterlengta brua

– Vi er heilt avhengige av at folk kjem seg hit

Ny avtale kan gi pengar til Masfjordbrua, Ytre Steinsund og Atløysambandet
