Framo Flatøysjefen: – Verste krisa på over 20 år

Aministrerende direktør Frank Mohn, Oddbjørn Jacobsen??

Aministrerende direktør Frank Mohn, Oddbjørn Jacobsen?? Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Dette er veldig leit for dei dette går utover.

DEL

Det seier sjefen på Framo Flatøy, Oddbjørn Jacobsen til avisa Nordhordland.

Onsdag kveld vart det kjent at pumpeprodusenten skal seia opp 60 tilsette. Dei vil vera ute av portane før hausten kjem til Nordhordland.

– Nedgangen i olje og gassbransjen er kraftig, den fortset og den ser ut til å vara ei stund framover, seier Jacobsen.

LES OGSÅ: Framo Flatøy kuttar 60 nye arbeidsplassar

Permitteringar

Det er årsaka til at dei ser det naudsynt til å gå til det dramatiske skrittet å seia opp 60 tilsette.

– Difor er det og naudsynt å gjera ytterlegare tiltak med permitteringar etter ferien, seier han.

Det jobbar i dag 335–340 personar på Framo Flatøy. Kor mange som må førebus seg på ein lang haust vert ikkje klart før over ferien.

– Då har me eit meir nøyaktig bilete over situasjonen og me kan kalibrera det heile meir nøyaktig, seier han.

– Er det fare for fleire oppseiingar og då? Er det difor de ventar med den avgjersla til då?

– Det er vanskeleg å garantera for framtida. Men me er avhengige av at bransjen tek seg opp att, seier han.

I oktober 2015 vart det kjend at Framo Flatøy måtte kutta 30 tilsette grunna fallande oljeprisar. Med dei nye kutta har då altså 90 personar mista jobben på Flatøy på kort tid.

– Korleis har dei tilsette tatt dei nye meldingane om kutt?

– Dei tok beskjeden med fatning. Det gjorde dei. Men det er klart at dette er ein dårleg nyheit, det seier seg jo sjølv, seier han.

– Dette er veldig leit for dei det vil gå utover. Det kan me ikkje anna enn å beklaga, seier han.

LES OGSÅ: Det finst ein skjult jobbmarknad

– Verste krisa på 20 år

Det vil verta gjort kutt i alle avdelingar. Kven som må gå vil verta klart i løpet av april, og innan me skriv august skal alle saman vera ute av porten.

Jacobsen har vore i olje og gass-bransjen i over 30 år no. Han seier at dagens situasjon er den verste på over 20 år.

– Olje og gass har alltid vore ein syklisk bransje. Den nedturen me har no er kraftig og verre enn den var under finanskrisa, for varigheita er mykje lenger og prisfallet større, peikar han på.

LES OGSÅ: Han snakkar ut om stemninga på Framo Flatøy

Artikkeltags