Framo Flatøy: – Vanskelig å setja ord på kva bedrifta har betydd for lokalmiljøet

Bjørn Tore Hesjedal kan konstatere at Fossemyra har vokst fra å være en liten grusbane til å bli et skikkelig kunstgressanlegg med flere fotballbaner og høy aktivitet. FOTO: SVEIN TORE HAVRE

Bjørn Tore Hesjedal kan konstatere at Fossemyra har vokst fra å være en liten grusbane til å bli et skikkelig kunstgressanlegg med flere fotballbaner og høy aktivitet. FOTO: SVEIN TORE HAVRE

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Framo på Flatøy har bidrege til idrettsanlegg, allaktivitetshus, vegar og bruer. Mellom anna.

DEL

HJØRNESTEINERSpora etter hjørnesteinsbedrifta viser over alt i Meland kommune. Alt i frå vegar til fotballbaner og bygningen som har fått namnet Meland Aktiv blei til på grunn av Framo Flatøy.

– Det var berre ei grusbane her, seier leiaren for idrettsrådet i Meland kommune, og tidlegare mangeårig leiar i Kvernbit IL, Bjørn Tore Hesjedal til Vest24, mens han skodar utover to kunstgrasbaner og allaktivitetshuset Meland Aktiv.

Fossemyra er blitt ein samlingsstad for ulike typar aktivitet. Her tumlar smårollingar rundt med fotball, her held kulturskulen til, her spelast handballkampar og det festast med meir.

– Vi hadde bruk for eit klubbhus, og hadde fått laga ei tegning av eit bygg på 400 kvadratmester. Og så endar vi opp med 3400 kvadratmeter, seier Hesjdal og blir stille.

Mohn-støtte

Utbygginga på Fossemyra er eit resultat av den tidlegare eigaren på Flatøy, velkjende Trond Mohn, si gjevarglede og samfunnsansvar. Støtta frå Mohn og verksemda har stått bak mykje av infrastrukturen i kommunen::

Bjørn Tore Hesjedal, leder i Meland idrettsråd og tidligere leder av Kvernbit I.L., hadde tegninger av et planlagt klubbhus på 400 kvadratmeter. Han endte opp med et allaktivitetshus på 3.400 kvadratmeter. FOTO: SVEIN TORE HAVRE

Bjørn Tore Hesjedal, leder i Meland idrettsråd og tidligere leder av Kvernbit I.L., hadde tegninger av et planlagt klubbhus på 400 kvadratmeter. Han endte opp med et allaktivitetshus på 3.400 kvadratmeter. FOTO: SVEIN TORE HAVRE

  • Forskottering av bruer og vegar.
  • Meland Aktiv og utbygginga på Fossemyra.
  • Idrettsanlegget i Leirdalen nord på Holsnøy.
  • Golfbana på Fløksand.
  • Støtte til skyttarlag og kajakklubb.

– I tillegg stiller arbeidarar ved Framo Flatøy opp på dugnad. Det er ingen tvil om at Framo Flatøy betyr alt for Meland, seier Hesjedal.

Framo i styret
Håndballhallen i Meland Aktiv holder eliteseriemål, men utgjørt bare en liten del av allaktivitetshuset. FOTO: SVEIN TORE HAVRE

Håndballhallen i Meland Aktiv holder eliteseriemål, men utgjørt bare en liten del av allaktivitetshuset. FOTO: SVEIN TORE HAVRE

Han tar stolt Vest24 med på ei runde gjennom allaktivitetshuset. Huset blir drifta av ei stifting med eit styre på seks personar, der Framo Flatøy har to av styremedlemmane. Den dominerande bygningen innheld i tillegg nokre omsorgsleilegheiter som Meland kommune leiger. Sagstad skule brukar også idrettsanlegget.

På Rema 1000 på Frekhaug ryddar kjøpmann Bjørn Johnny Vågenes i fruktvarene. I 25 år har han drive ein av dei lokale daglegvarebutikkane i område. Dommen frå Vågenes er klar:

– Framo har betydd mykje for Meland og utviklinga her. Bedrifta har vore svært viktig for utviklinga i området, seier han.

At veksten i bedrifta på Flatøy har gjeve butikken fleire kundar, er det liten tvil om.

Gongar med tre

Ifølgje avtroppande ordførar Nils Marton Aadland (H), er det ein tommelfingelregel å gonge talet på tilsette ved ei bedrift som Framo Flatøy med tre for å finna det totale talet på arbeidsplassar bedrifta genererer.

Slik ser det ut i det flittig brukte treningsrommet i Meland Aktiv. FOTO: SVEIN TORE HAVRE

Slik ser det ut i det flittig brukte treningsrommet i Meland Aktiv. FOTO: SVEIN TORE HAVRE

– Framo Flatøy skaper også arbeidsplassar hos mange underleverandørar, seier Aadland, som i tillegg til å ha vore ordførar i to periodar, også har styrt Avisa Nordhordland i sju år. Han har følgt Framo-utviklinga i området tett gjennom mange år.

– Det er vanskeleg å setja ord på kva Framo Flatøy har betydd for Meland kommune. Bedrifta betaler eigedomsskatt til kommunen, men den viktigaste inntekta kommunen har er via personskatten, seier Aadland.

– Er det fare for at så stor gåvmildheit som Trond Mohn og bedrifta på Flatøy har vist kan bli ei sovepute for kommunen?

– Nei, det er det ikkje. Kommunen må utvikla sin eigen politikk, og det gjer Meland. Kommunen kom blant anna ut på toppen av lista over prosentvis størst auke i nyetableringar i fjor, seier Nils Marton Aadland.

</p></p></p>

Artikkeltags