Framo Flatøy permitterer 100 tilsette

Framo Flatøy sliter med stadig tynner ordrestokk. Dette har bedriften tatt konsekvensen av ved å varsle permittering av 100 stillinger fra januar 2017.

Framo Flatøy sliter med stadig tynner ordrestokk. Dette har bedriften tatt konsekvensen av ved å varsle permittering av 100 stillinger fra januar 2017. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Etter nyttår står 100 av dei rundt 275 tilsette i Framo Flatøy utan ein jobb å gå til.

DEL

– Vi hadde eit allmøte tirsdag der tilsette blei informert om at vi frå neste halvår vil måtte gå til permittering av 100 fulltidsstillinger, seier administrerende direktør Oddbjørn Jacobsen i Framo Flatøy til BA.

Permitteringa startar ved årsskiftet, og vil vare i seks månader, opplyser han.

LES OGSÅ: Støre lot seg imponere av TAF-lærling på Framo-besøk

– Veldig leit

Per i dag tel Framo Flatøy cirka 275 årsverk. Dei tilsette tar naturlegvis bodskapen tungt.

– Vi er veldig lei for at dette er nødvendig. Vi har hatt ei løpande orientering, så dette er inga overrasking, men sjølvsagt synest underteikna og alle tilsette at dette er veldig leit, seier Jacobsen.

Framo Flatøy har ansvar for Framo-konsernet sine pumpeprodukt for offshoreverksemd.

Ordrestokken på Flatøy begynner å bli tynnare, og det er dette bedrifta no tar konsekvensen av.

LES OGSÅ: Framo Holsnøy permitterer tilsette – Utelukkar ikkje fleire oppseiingar

– Aktiviteten må komme i gang igjen

– Årsaka er kort og godt at nedturen i oljemarknaden vedvarer. Går du tilbake til 2014, ville mange blitt overraska over djupna og varigheita. Vi leverer utstyr som blir anskaffet når nye felt blir bygd ut, og det er svært lite feltutbygging initiert i det siste. Den aktiviteten må komme i gang igjen. Dette er ein syklisk marknad med ein kraftig nedgang, så då kan vi jo kanskje tru at det kjem opp igjen, seier Jacobsen. 

I mars blei det kjent at 60 avd dei tilsette hjå pumpeprodusenten må gå.

I et intervju med BA i august sa økonomi- og finansdirektør Thomas Thuresson i Alfa Laval, som eig Framo-konsernet, at selskapet forventar vidare nedgang i 2016. Derfor tok dei grep for å justere kapasiteten, forklarte han.

I samme intervju sa Thuresson følgande:

– Vi må tilpasse ressursane til situasjonen. Vi har framleis ein god ordrestokk på Fusa, men den begynner å bli tynnare på Flatøy. Held den svake utviklinga fram, vil det kreve meir nedbemanning.

LES OGSÅ: RadøyGruppen ser betring i horisonten – Har henta inn alle dei permiterte

No er det nettopp det som skjer i Meland kommune si største bedrift.

Fjorårets rekneskap fortalte om ei dyster utvikling: Salsinntektene internasjonalt blei nesten halvert, frå nær 900 millionar til snaut 460 millionar kroner.

Dei samla inntektene stupte med nesten 345 millionar kroner i fjor. Det resulterte i eit uvanleg beskjedent overskot på drygt 1,2 millionar kroner i 2015.

Artikkeltags