Framo Flatøy kuttar 60 nye arbeidsplassar

Frank Mohn Flatøy

Frank Mohn Flatøy Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Har kutta nesten 100 arbeidsplassar på eit halvt år.

DEL

– Det er gått ut varsel om bemanningsreduksjon i dag, stadfestar tillitsvald ved Framo Flatøy, Ronald Pedersen til avisa Nordhordland.

Han seier at dei dramatiske nyhenda vart kjend på eit allmøte onsdag føremiddag.

Kan og verta permiteringar

60 personar mister jobben i denne omgangen.

– Er det fare for fleire kutt?

– Eg kan ikkje svara på det. Me gjer dei tilpassingar som må gjerast her og no, seier han.

LES OGSÅ: Nedbemannar med 30 årsverk trass i utvidingsplanar

Det er vorte nemd at permiteringar og kan verta aktuelt om det ikkje betrar seg på sikt, stadfestar han.

Kor tid dei fyrste må gå, er ikkje klart på det noverande tidspunktet, då heile nedbemanningssituasjonen byrja onsdag.

– Det er marknaden vår som tørkar vekk. Oljeselskapa stenger igjen og det vert ikkje handla boreprodukt for tida, seier han.

Det jobbar i dag 335-340 personar på Framo Flatøy.

– Dette er veldig, veldig dramatisk, seier Pedersen.

– Korleis er stemninga hjå dei tilsette?

– Folk skjønar situasjonen og at det er tøffe tider i bransjen. Folk hjå oss er oppegåande folk og ser at me har lite å gjera på. Men når du får den meldinga, så er det tøft ja, seier han.

LES OGSÅ: Han snakkar ut om stemninga på Framo Flatøy

I oktober 2015 vart det kjend at Framo Flatøy måtte kutta 30 tilsette grunna fallande oljeprisar. Med dei nye kutta har då altså 90 personar mista jobben på Flatøy på kort tid.

– 2016 vert eit tøft år

Svein Nordvik i Nordhordland handtverk og industrilag seier det er triste nyhende.

– Men tidene er tøffe for veldig mange og ein må tilpassa utgiftene etter inntektene, peikar han på.

Han seier at mange av hans medlemsbedrifter har det tøft for tida.

– 2016 vert tøft. Det er ingen andre signal me får. Mange bedrifter har lite ordrer, og dermed vert det tøft for mange, seier han.

Ordførar Øyvind Oddekalv (Ap) tykkjer det er veldig trist at Framo Flatøy må gå til det skrittet å seia opp folk.

– Men det går jo inn i det store biletet, og ein kunne vel ikkje rekna med at ein slapp unna konjukturane, seier Oddekalv til avisa Nordhordland.

Han seier dette er dramatisk for dei einskilde som vert råka.

– Det vil få ringverknader, seier han og peikar på at det ikkje er berre berre å få jobb att i oljebransjen for tida.

– Me som kommune kan ikkje gjera noko overfor bedrifta, men me må ta vare på dei tilsette, seier han.

Det har førebels ikkje lukkast avisa Nordhordland å koma i kontakt med Framo Flatøy-sjef Oddvar Jacobsen for ein kommentar i saka.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags