Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Frå i dag av rår eg ingen ungdommar til å ta lærarutdanning. Eit fantastisk og gjevande yrke som ikkje blir verdsett. Om du – potensiell lærarstudent, gjer det, blir det mykje arbeid, seine kveldar, søndagar kan du stort sett gløyme, seine telefonar og e-postar der det blir forventa at du reagerer på. Det blir mykje – MYKJE dokumentering og skjema som skal fyllast inn. Det blir ord som «hore, fitte, homse, kuk» og «eg bryr meg ikkje». Eg kan love deg at det blir avbrot i det du har planlagd.
Det blir mange fine og gode dagar. Det blir som oftast dagar der du har planlagd flotte undervisningsopplegg der både elevane og du ser læring, framgang, latter og glede. Det blir mange stunder der du tenkjer at du har den beste jobben. Det blir vonde dagar der du nesten ikkje veit kva du skal gjere for akkurat DEN eleven. Bekymring, uro, dårleg søvn. Det blir alt av det som livet er for små menneske og for ungdommar.
Men du er ikkje verdsett.
Føresette og elevar likar deg nok og blir veldig glade i deg, men du får ikkje betalt for jobben og engasjementet ditt. Hugs på det, – du har faktisk eit studielån, straumrekning, husleige/lån, mat – og transportutgifter du også, men du skal nok tenkje litt meir på kva du brukar pengane dine på enn ein del andre i samfunnet. Du kan kanskje byrje med å IKKJE bruke dine eigne pengar på kos i klassen, materiale eller undervisningsopplegg skulen ikkje har råd til å kjøpe inn.
Til dykk føresette vil eg seie at eg synest det er litt rart at me har høyrt så lite frå dykk i media med støtte til lærarstreiken. DE forventar at borna dykkar skal få ei god utdanning, tilpassa opplæring, omsorg og øve borna dykkar opp til sosial kompetanse. DE forventar at me kan løyse opp i problem som skjer på fritida. DE forventar at borna dykkar skal bli utdanna av lærarar med utdanning, lærarar som veit kva dei held på med og har kompetanse til det som skal lærast. Veit de at det faktisk er ein «tittel» som heiter «lærar utan utdanning»? Hadde de akseptert å gå til ein «lege utan utdanning»? Ein «pilot utan utdanning»? Ein «økonomisk rådgjevar utan utdanning»? Tvilar på det.
Eg er ikkje utdanna psykolog eller miljøterapeut, eg er ein kunnskapsformidlar – det er det som er hovudoppgåva mi, ikkje store åtferdsvanskar, born med traume eller born med rett og slett manglande respekt. I denne streiken har det blitt mykje fokus på born si psykiske helse og manglande sosiale aktivitetar (som ein nesten skulle tru berre skjer på skulen), kanskje litt lite fokus på kva læring elevane går glipp av – bortsett frå avgangselevar på ungdomsskular og vgs..... Seier litt akkurat det for viss eg som lærar er så viktig for born si mentale, fysiske, sosiale og akademiske helse og utdanning, burde eg verkeleg ha millionløn. Verkeleg!
Og er det ein av dykk – ein av dykk der ute som les dette og tenkjer at eg berre skal halde kjeft for eg har så lang sommarferie – som eg ikkje har, ber eg deg om å bytte jobb. Då kan DU bli «lærar utan utdanning» med den løna den får og EG kan bli «Ingeniør/tømrar/tenketankar utan utdanning» med den løna DU får. Tenkjer det blir eg som kjem til å få den økonomiske vinsten.
No har eg brukt tid på å skrive dette fordi eg er så forbanna, eg burde ha brukt tida på å planlegge gode undervisningsopplegg for morgondagen. Me får sjå kva morgondagen bringar.....