Også i fjor sende BA kampar frå turneringa, men i år blir talet utvida til 42 kampar, inkludert åtte av kampane til ulike Nordhordlandslag.
TV-kameraa vil du finne på bane 5, som er på Prestegardsmoen gras 2. Her skal det spelast 7-ar kampar heile helga.
Enorm respons
– Vi opplevde stor interesse då vi sende direkte frå Voss Cup i fjor. Samarbeidet med Arne Førde og alle dei som står på for turneringa var veldig bra. Vi såg jo kor stort dette var for spelarane, og tilbakemeldingane frå klubbane og spelarane var svært gode, seier nyheitsredaktør i BA, Rune Eriksen.
Derfor vil dei no ta eit nytt steg, og viser heile 42 kampar også på nordhordland.no. Dette vil seie at det er langt fleire enn dei åtte lokale kampane du vil få tilgang til å sjå denne helga.
– Vi har valt den same bana som i fjor. Årsaka til det er at den er intim. Vi kjem tett på spelarar, trenere og familiane til laga, forklarer han.
Kva for lag som blir vist på BA.no er nokså tilfeldig, med eitt lite kriterium:
– Vi ønsker å få bergenslag involvert. Utover det er det et dataprogram som tilfeldig setter opp puljane, fortel turneringsleiar Arne Førde.

Vegtrafikksentralen med klar oppfordring før Voss Cup
Kvalitetsløft
Tilbakemeldingane frå fjorårets turnering har vore gode, det er jo ikkje kvardagskost å få kampane sine vist på TV!
– Spelarane synast at det er kult at kampane blir filma og at dei kjem på tv. Laga er positive til dette, seier Førde.
Førde opplever også at Voss Cup som har vore arrangert sidan 1991, i seg sjølv får eit lite løft av livesendingane frå turneringa.
– Det vil forsterke arrangementet vårt og profilerer Voss Cup på ein god måte. Arrangementet får et løft når BA dekker dette, spesielt sidan mange av laga er frå bergensområdet, seier han.
Ikkje alle har moglegheita til å følge med sine unge håpefulle på nært hald gjennom heile helga på Voss. Besteforeldre og foreldre kan no likevel få med seg podens superscoring.
– Her får dei moglegheit til å sjå barna i aktivitet sjølv om dei ikkje kan vere til stades sjølv, avsluttar Førde.

ENK-nederlag på bortebane
– Eg har ein plan om å gjere noko ekstra når vi først er på denne flotte turneringa. Tanken er å ha ei studiosending sentralt på området på kveldstid. Her skal vi invitere klubbar, turneringsleiing og andre til ein herleg fotballprat, seier Eriksen.
Voss Cup melder også om at dei skal setje opp skjermar på området for dei som ønsker å få med seg kampar frå VM, og at Vossabadet som var stengt i fjor no er opna og klar for bruk.

Kronprinsparet på Hillesvåg Ullvarefabrikk: – Vi har berre sett dei på TV, men i dag vinka dei til oss