Nordre Holsnøy avgjorde på frispark

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Ligg no likt med Kvernbit på tabellen etter 1-0 mot Baune 2.

DEL

Det var to lag som ønska å spela fotball som møttest i Leirdalen fredag. Det var lite som skilte laga.

Det vart Mario-Alexander Bertheussens scoring som vart skilnaden på laga til slutt. Hans frispark frå 20 meters hold sneik seg inn under bortelagets keeper. Det vart lite finspel etter halvtid då Baune 2 pressa hardt på for utligning.

Mange duellar, dødballar i form av corner og frispark vart beholdninga i 2. omgang. Nordre Holsnøy ligg no på samme poengsum som Kvernbit etter ein fin dag for våre lokale lag i denne avdelinga.

Kampfakta

Nordre Holsnøy – Baune 2 1-0 (1-0)

6. div. avd. 03. 7. serierunde. Leirdalen Idrettsanlegg. Dommer: Atle Reiersen, Tertnes.

1-0: Mario-Alexander Bertheussen (38.).

6. serierunde: Nytt bortetap for Nordre Holsnøy - blei passert på tabellen

5. serierunde: NHIL toppar tabellen etter gnistrande kamp

3. serierunde: Tre spelarar scora to mål kvar

2. serierunde: Nordre Holsnøy utlikna to gonger, men tapte til slutt

1. serierunde: Nordre Holsnøy sesongopna med siger

Artikkeltags