Team Nordhordland leika seg til eliteturnering

Team Nordhordland banka Sædalen 6-0 i Austmarka på Radøy.

Team Nordhordland banka Sædalen 6-0 i Austmarka på Radøy. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Banka Sædalen 6-0. Målskårara frå «halve» Nordhordland.

DEL

G14-laget til Team Nordhordland har knapt hatt ei einaste trening saman, men har framleis ikkje tapt ein einaste fotballkamp etter 70 minutt og er no klare for eliteturneringa til Tertnes i palmehelga.

I førre veke møtte dei Gneist og klarte 5-5. Den kampen måtte avgjerast på straffekonk, der Gneist stakk av med sigeren. Tysdag kveld møtte Team Nordhordland Sædalen til kamp, og etter ein rotete start, var det aldri tvil om kven som var det beste laget i Austmarka.

LES OGSÅ: Truls og Sindre reiser frå Brekke til Frekhaug for å verta betre i fotball

Heile 6-0 vann dei unge nordhordlendingane mot gutane frå Sædalen. Til pause var det 3-0.

– Ein kan alltid stola på dei offensive spelarane våre, seier radværing og kaptein Ruben Vågenes. 

Han seier det er ei veldig god stemning i laget, som jobbar med å verta kjende med kvarandre.

– Det er veldig motiverande å spela her, og eg tykkjer det er konge å moglegheita til å spela her, seier han.

Han seier han ikkje hadde trua på at han skulle koma inn på laget då han møtte opp på fyrste treninga med 40-50 andre 13-14 åringar.

– Men eg holdt hovudet oppe og prøvde, så gjekk det til slutt, seier han nøgd.

No gler dei seg til å møta god motstand i Åsane. Då står Bremnes, Hinna og Fornebu på motsett banehalvdel.

– Me møter nok god motstand, men me skal no prøva, seier Truls Ellingsen Haugland.

LES OGSÅ: Jakta av Godset – trenar med Molde

Vågenes er enno meir offensiv.

– Eg trur me kan koma langt, seier han.

Team Nordhordland banka Sædalen 6-0 i Austmarka på Radøy.

Team Nordhordland banka Sædalen 6-0 i Austmarka på Radøy. Foto:

Det er ord som trenar Mons Ivar Mjelde likar å høyra.

– Me spelar for å vinna kvar kamp, seier han.

Under kampen mot Sædalen stod han på sidelinja og piska spelarane til innsats. Sjølv etter 4-0 målet gav han uttrykk for kva han ville spelarane skulle gjera betre.

– Eg ysnkjer at me skal vera proffe, og skal me ha spissa lag, må me på sidelinja gå føre som eit førebilete, seier han.

Han seier han er nøgd med svara han får frå spelarane.

– Dei prøver og har stor arbeidsvilje og står på. Det er nokon som vil verta betre, og det er gøy å jobba med, seier han.

– Team Nordhordland har fått ein pangstart, legg han til.

LES OGSÅ: 90 spelarar møtte på fyrste talentsamling med Mons Ivar Mjelde

No skal laget få si fyrste trening saman på sundag, før dei reiser på eliteturneringa.

Tysdagens kamp byrja rufsete for Team Nordhordland, før dei etter rundt 15 minutt av kampen fekk meir og meir kontroll, og etter 23 minutt gjekk dei opp i leiinga etter flott gjennomspel. Berre seks minutt seinare dobla dei leiinga etter ein corner. 3-0 målet kom etter det mange vil kalla typisk Mjelde-fotball med eit gjennom spel til ein spiss som sprang frå forsvaret og runda keeper. 4-0 målet hadde og Mjelde-signatur etter at laget tok seg forbi på venstresida, la 45 grader inn i midten før ballen vart stt i mål.

Team Nordhordland banka Sædalen 6-0 i Austmarka på Radøy.

Team Nordhordland banka Sædalen 6-0 i Austmarka på Radøy. Foto:

Målskårarane var Simen Skjellanger frå Radøy, Truls Haugland frå Gulen, men som spelar på Masfjorden, Adrian Sellevoll frå NBK, Sindre Sætre frå Austrheim og Sølve Aggdal frå Eikanger.

Artikkeltags