Stor nett-tv-satsing: Desse lokale laga viser vi frå Norway Cup

    Som abonnent har du moglegheita til å følgje hundrevis av kampar på nett-tv.

    DEL

    Som abonnent på Avisa Nordhordland kan du i år sjå fleire av dei lokale laga våre i aksjon under Norway Cup. Her kan du skaffe dei ei oversikt over kva for nokon.

    Over 800 kampar

    Avisa Nordhordland er eigd av Amedia, som eig 64 lokalaviser landet rundt. Avisene og Amedia sentralt har no fått på plass ei storsatsing av direktesendt sport som går under namnet Direktesporten.

    Gå til Direktesporten her og sjå over 800 kampar

    Norway Cup er eit av satsingsområda våre og som abonnent på Avisa Nordhordland, får du difor tilgang til over 800 kampar samla, inkludert dei ti lokale kampane som er sett opp i gruppespelet (sjå oppsett til under).

    Ettersom dekninga vår også gjeld store delar av sluttspelet, vil det med stor sikkerheit bli endå fleire lokale kampar når ein veit korleis plasseringa i gruppespelet blir.

    Desse kampane viser vi:

    Måndag 29. juli:

    • KFUM/kam Oslo 2 – Osterøy IL (J15) – 09:50
    • Koppang FK/Rendalen – Kvernbit IL (G16) – 11:40
    • Gjøa SC New York – Radøy FK (G18/19) – 12:40
    • Herd Spk. – Osterøy IL (J13/14) – 14:15

    Tysdag 30. juli:

    • Kvernbit IL – Pors Grenland Fotball (G13) – 11:30
    • Austrheim IL – Byåsen IL 2 (G15) – 15:10
    • Osterøy IL – Hasundgot IL (G16) – 16:10
    • Osterøy IL – Vestfossen IF/Kongsberg (J15) – 17:10
    • Osterøy IL – Fagernes (J17) – 18:10
    • Soccer Stars – Austrheim (G18/19) – 19:25

    Frå onsdag og utover vil sluttspelet starte, noko som vil seie at det er moglegheit for å sjå fleire lokale lag i aksjon.

    Artikkeltags