Truls og Sindre reiser frå Brekke til Frekhaug for å verta betre i fotball

Team Nordhordland med samling på Frekhaug. Truls Ellingsen Haugland.

Team Nordhordland med samling på Frekhaug. Truls Ellingsen Haugland. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Reiser åtte-ni mil for å trena med dei beste. No kan kampar mot Sheffield United venta i nær framtid.

DEL

Talentsatsinga til NBK og dei andre klubbane i Nordhordland, Team Nordhordland, er i full gang og søndag hadde dei si andre treinng på Frekhaug.

Som avisa Nordhordland har skrevet før, leiar Mons Ivar Mjelde ei satsing som er eit samarbeid mellom heile elleve klubbar i regionen. No er dei beste talenta i regionen samla, rundt 90 i talet. I slutten av månadet skal det kuttast monaleg, slik at ein set at med eit gutar 14-lag og eit gutar 16-lag med 23 spelarar på kvart lag. 20 av dei er utespelarar og tre keeperar. Tanken er at dei beste talenta i regionen frå Kvernbit i sør til Gulen i nord skal samlast annakvar søndag og trena under vegleiing frå Mjelde.

LES OGSÅ: 90 spelarar møtte på fyrste talentsamling med Mons Ivar Mjelde

To av dei som har tatt turen er Truls Ellingsen Haugland og Sindre Østerbø Haugsdal frå Brekke i Gulen. Dei to 13-åringane må reisa 16-18 mil kvar gong dei vil på talentsamling. Og det er noko dei vil vera med på.

– Det hadde vore kjekt å vera med vidare, å få trena med folk som er lika gode og betre, seier Haugland.

Begge to er plukka ut av trenarane sine til å vera med, og likar seg godt på treningane.

– Det er veldig kjekt. Du får spela fotball og du lærer masse nytt, seier Haugsdal.

Team Nordhordland med samling på Frekhaug

Team Nordhordland med samling på Frekhaug Foto:

Han peikar på at dei mellom anna får gjera andre øvingar enn vanleg, og at nivået er ganske høgt.

– Kva er målet med fotballsatsinga dykkar då?

– Den største draumen er uoppnåeleg. Det er å spela med Noreg i VM, seier Haugland og smiler.

LES OGSÅ: Startar fotballfritidsordning i Knarvik

Det er truleg eit stykke fram dit enno, men klarar dei to karane frå Brekke å ta seg vidare, kan god motstand møta dei alt seinare i mars. For talentsatsinga frå Nordhordland er invitert til å kvalifisera seg for Tertnes si eliteturnering. Klarar dei seg gjennom det kvalifiseringshinderet møter god motstand.

Team Nordhordland skal fyrst møta Gneist. Så skal Åsane og Sædalen møtast. Dei to vinnarane går rett inn i turneringa. Dei to taparlaga møtest så for å spela om den siste plassen i turneringa.

Utfordringa til Team Nordhordland er at dei eigentleg er for seint ute.

– Gneist vil helst møta oss før den 28. februar. Men det går jo ikkje, då har me ikkje tatt ut ein tropp. Men det vert nok ein kamp tidleg i veka etter, seier Mons Ivar Mjelde til avisa Nordhordland.

Han kallar det ei fin utfordring og utruleg inspirerande.

– Då må me nytta moglegheita. Så er spenningsmomentet om me klarar å ha den kvaliteten som trengst i byrjinga av mars, seier Mjelde.

LES OGSÅ: Jakta av Godset – trenar med Molde

Klarar dei å ta seg til eliteturneringa møter lag som Sheffield United og Hammarby.

Dei som kjem på G16-laget kan truleg sjå fram til ein tur til Sogndal til våren.

– Der har me eit håp om å møta krinslaget til Sogn og Fjordane og Sogndal sitt G16-lag. Så prøver me å få til eit seminar og avslutta det med ein eliteseriekamp, seier Mjelde.

Artikkeltags