Første tilfelle av korona i Gulen

VG melder om koronasmitte i Gulen.

DEL

Så langt har det blitt rapportert om 22 tilfelle av koronaviruset i Alver kommune, tre i Høyanger og tre i Solund. No har VG rapportert om første registrerte tilfelle i nabokommunen Gulen. Så langt er 50 personar testa, melder kommunen.

VG sine tal blir oppdaterte to gongar kvar dag, klokka 00.15 og 15.15, noko som kan vere årsaka til at tilfellet ikkje er bekrefta av kommunen sjølv. Tilfellet vart rapportert natt til fredag.

Kommunedirektør i Gulen, Reidun Halland, opplyser i ein epost til Avisa Nordhordland at personen har bustadadresse i Gulen, men ikkje har opphalde seg i kommunen i den aktuelle smitteperioden.

Kommunen publiserte sjølv ein statusrapport 16. april, der dei skreiv at det ikkje er registrerte nokon tilfelle. No er første tilfelle derimot oppdaga. Kommunen skriv også at dei har innbyggjarar i forkjølelseskarantene.

"Me må halde fokus på gode smittevernrutinar i tida som kjem. Me er særs redde for å få smitte inn på sjukeheim, bu og omsorgssenter eller til sjuke heimebuande. Me vil difor kome med ei særskilt oppfordring til helsepersonell. De er nøkkelpersonar for å unngå ein slik situasjon, helsepersonell må difor vere særleg merksame på å unngå smitterisiko på fritida."

Dette skriv Gulen kommune i statusrapporten at dei oppmodar innbyggjarane til å ta i bruk telefon- og videosamtalar i staden for fysisk besøk.


Artikkeltags