Regjeringa seier ja til kraftleidning mellom Modalen og Mongstad

FØLG DEN BLÅ STREKEN: Den blå linja viser kvar traseen skal gå frå Modalen til Mongstad

FØLG DEN BLÅ STREKEN: Den blå linja viser kvar traseen skal gå frå Modalen til Mongstad Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Me beklagar det, seier Naturvernforbundet. – Akseptabelt, seier Masfjorden kommune.

DEL

BKK Nett AS har i statsråd fått konsesjon til ei ny 300 (420) kilovolt (kV) kraftleidning frå Steinsland i Modalen via Masfjorden, Gulen og Austrheim til Mongstad i Lindås.

Totalt vil prosjektet kosta om lag ein milliard kroner.

Kraftleidningen skal byggast som luftleidning frå Steinsland via Stølsheimen til Haugsværdalen i Masfjorden og vidare via Frøyset til Iledalsvågen i Gulen. Frå Matre til Frøyset vil den nye 420 kV-leidningen erstatta eksisterande 132 kV-leidning, som vil bli revet. I Fensfjorden vert det lagt sjøkabel fram til Mongstad, før leidningen fortset til Lindås transformatorstasjon.

– Fått gjennomslag

For å redusera negative verknader av leidningen, vil det på det på deler av strekninga vera kamuflerte master, gjerast skånsam skogrydding og merking av liner av omsyn til fugl. Sjøkabeltraséen som er valt for kryssinga av Fensfjorden gjer at dei viktige landskaps- og kulturminneverdiane i Postvågen ikkje vert rørt ved. Store deler av leidningen går i område med god avstand frå busetnad. Traseen gjennom Stølsheimen unngår område som er særleg verdifulle for friluftsliv og kulturmiljø, og går i all hovudsak i område som allereie er rørt ved av tekniske inngrep etter tidlegare vasskraftutbygging. Det skal utarbeidast ein miljø-, transport og anleggsplan i samband med prosjektet.

– Det ser ut til at me og innbyggarane har fått gjennomslag for dei traseane me ville ha, seier ordførar i Masfjorden kommune, Karstein Totland (H) til avisa Nordhordland.

Mellom anna har dei fått medhald om at kraftleidningen skal gravast ned gjennom Matre. Han viser til at prisskilnaden for å grava ned leidningen kontra luftspenn berre er tre-fire millionar kroner.

– Det er veldig bra dette med Matre. Det er dei som får det tyngst. Nok ei linje over hustaka her ville vore småleg, seier han.

Totland seier det har vore ein tung kamp for å få det som dei vil.

– Der har vore fleire turar til Oslo der me har køyrd på med dei argumenta me har, seier han.

– Trygg og sikker

Men heilt glad for nye kraftleidningar er han ikkje.

– Det er ingen pur glede over kraftlinjer. Men så er me jo ein fjellkommune. Og kommunestyret har nett handsama seks søknader om småkraftverk, som er heilt avhengig av den nye linja før dei kan levera kraft, peikar han på.

Også i Lindås er dei nøgde med vedtaket.

– Det vil bety at me får ei trygg og sikker kraftforsyning for folk og industri i regionen, seier May Eva Sandvik, kommunestyrerepresentant og varaordførar i Lindås.

Torill Eidsheim i Transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget seier denne traseen legg til rette for meir fornybar straumproduksjon til Bergen og Nordsjøen.

– Det var kritisk straumforsyning til Bergen ei tid. Og eg vel å støtta meg på kva fagfolka seier. Det må me som politikarar ta omsyn til, seier ho.

Naturvernforbundet i Nordhordland er på si side ikkje så nøgde med avgjersla.

– Det er ei dårleg løysing som er vald. Meir burde vore lagt i kabel, meiner leiar Jan Nordø.

Men han er nøgd med at det gjort avbøtande tiltak.

– Skånar folk

– Det er viktig at ein skånar folk mest mogleg mot slike inngrep. Men me vil ha mest mogleg lagt i kabel. Og når dei klarar å legga kabel til England og Tyskland, kvifor kan me ikkje legga meir kabel i fjordane våre?, spør han.

Leidningen vert bygd som eit 420 kV-anlegg, men skal inntil vidare driftast på 300 kV spenningsnivå. BKK Produksjon AS har samtidig fått konsesjon til ombygging av 132 kV leidningen frå Stordal til Haugsvær i Masfjorden. BKK Nett AS har fått konsesjon for ombygging av 132 kV kraftleidningen frå Matre til Haugsvær med jordkabelanlegg på den fyrste strekningen ut frå koblingsanlegget på Matre.

Artikkeltags