Neste veke skal eit forslag opp til behandling i styret til Helse Bergen. Forslaget går ut på å kutte i ambulansetilbodet i Nordhordland.

I dag er det to ambulansebilar med base i Helsehuset i Knarvik som køyrer rundt i regionen til ei kvar tid på 12-timarsvakter.

For å spare pengar, vil forslaget kutte ut ein av dei to ambulansane som køyrer i Nordhordland om natta, mellom klokka 20:00 og 08:00.

Helse Bergen ligg nemleg an til eit resultat som er 220 millionar kroner dårlegare enn budsjettet for 2022, ifølge BA.

Dette trur ambulansetenesta vil få konsekvensar for både ambulansepersonell og innbyggjarar.

– Vi er veldig bekymra. Dei to bilane med base i Knarvik som køyrer om natta tok seg av rundt 1600 oppdrag i løpet av 2021.

Det seier ambulansearbeidar og verneombod i ambulanseseksjonen nord, Trond Kirkeluten.

1200 av oppdraga fann stad i Nordhordland. Dei resterande 400 oppdraga var i Bergen og Åsane.

– Då er det ganske enkel matematikk å seie at ambulansetenesta vil få trøbbel med å dekkje opp mot 800 oppdrag om ein av bilane forsvinn frå nattevakta.

Kirkeluten meiner forslaget vil råke dei tilsette:

– I dag er det allereie slik at dei tilsette ikkje alltid får kviletid og pausar som dei har krav på. Det kan også føre til at ressursar lengre ute i regionen må køyre meir og meir ut av sit eige dekningsområde.

Kom frå eiga avdeling

Det er Akuttmedisinsk avdeling (AMA) som sjølv har kome med forslaget. Alle avdelingar i heile Helse Bergen har blitt pålagde å kome med tilsvarande forslag til kutt som kan spare pengar.

AMA har ansvaret for alle ambulanseeiningar i Helse Bergen. Dei har sjølv ei budsjettutfordring på 25 millionar kroner, ifølge Kirkeluten.

– Ein ser no at ein ikkje klarar å dekkje dette inn att. Det går rett og slett ikkje.

Verneombodet fortel at dette mellom anna skuldast høgare kostnadar på materiell, drivstoff og lønningar i Helse Bergen.

– Her treng vi å få løyvande politikarar på bana for å løyse dette. Vi har rett og slett manglande dekning for ekstrakostnadar og finansiering, som vil gje konsekvensar.

Han presiserer i mellomtida at forslaget ikkje er vedteke.

– Ingen ønskjer jo dette. Det smertar.

Forslaget har blitt risikovurdert, ifølge Kirkeluten. Der kom det fram at det ville gje utslag med raud score på alt – det vil seie at det kjem til å gje høg grad av konsekvensar for både tilsette og risiko for pasientar.

– No arbeidar verneomboda med å synleggjere konsekvensane av slike kutt. Både innanfor Helse Bergen og ut til politikarar. Vi er veldig bekymra for problematikken her. Vi kjem til å snakke med politikarar framover for å formidle bodskapen.

I verste fall, om forslaget blir vedteke, trur verneombodet det kan føre til eit kraftig og kanskje uuthaldeleg press på ambulansetenesta og AMK-sentralen.

Vil gå saman med dei andre kommunane

– Eg synest ikkje det er eit godt forslag. Vi er ein stor region og godt over 40.000 menneske bur her, seier Alver-ordførar Sara Sekkingstad (Sp).

Ho har fått med seg forslaget som skal leggjast fram for styret i Helse Bergen neste veke.

– Med området dei dekkjer synest eg det er passande med to bilar slik ein har i dag. Om ein av ambulansane på nattevakt er ute, må ein annan vere tilgjengeleg. Spesielt om dei er langt vekke frå kvarandre. Dette bekymrar meg og er ikkje noko eg ønskjer for framtida.

Sekkingstad er tydeleg på at ho kjem til å leggje ned ein innsats for at forslaget ikkje blir vedteke av styret ved å danne seg politiske alliansar i Voss og Øygarden kommunar.

Også deira ambulansetilbod kan bli kutta av forslaget frå AMA.

– Eg tenkjer å ta kontakt med ordførarane i dei kommunane. Så får vi sjå kva vi kan gjere i fellesskap. Eg skal gjere mitt for å påverke denne avgjerda.

I mellomtida har ordføraren forståing for at det er vanskeleg å måtte kutte midlar, og kanskje spesielt i helsesektoren.

– Håpar vi slepp å kutte

– Vi har føreslått å ha ein ambulansebil i Nordhordland om natta i staden for to, noko som vil gjere at kapasiteten går ned noko. Men som sagt, ingenting er vedteke her. Dette er eit sparetiltak AMA har tenkt vi kan gjere.

Det seier konstituert seksjonsleiar for ambulanseseksjonen nord, Morten Lønningen.

Han stadfestar overfor NH at forslaget om sparetiltaket som skal leggjast fram for styret har blitt presentert for dei tilsette.

Han fortel at saka har vore oppe i vernetenesta og blant tillitsvalde.

– Vi er også bekymra for våre tilsette. Forslaget er det tiltaket vi har vurdert som gjer minst vondt av alle alternativa vi har. Helse Bergen har veldig store utfordringar knytt til budsjetta, og det blir innsparingstiltak på klinikkar og avdelingar.

Lønningen seier at det no er opp til styret å ta stilling til om dette forslaget kan bli vedteke.