Forhåpentlegvis treng ein ikkje stå i lang kø ved Lavik-Oppedal-sambandet mellom Gulen og Høyanger.

No blir det ekstra ferjer for dei som skal reise i dagane etter påskeaftan. Det melder Norled som driftar sambandet.

Som eit tiltak på at påsketrafikken skal gli litt betre, blir det fire ferjer på sambandet både 1. og 2. påskedag. Dette gjeld frå klokka 13 til 20 søndag, og 12 til midnatt mandag.