Her skal Austrheim bygga sju nye omsorgsbustader

Her skal Austrheim kommune bygga sju nye omsorgsbustader. Før det skal det gjerast ein del ryddehogst.

Her skal Austrheim kommune bygga sju nye omsorgsbustader. Før det skal det gjerast ein del ryddehogst. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Austrheim kommune skal bygga sju omsorgsbustader i 2019.

Før det skal vatn og avløpssystemet på Kaland skiftast ut. I samband med det vert  fjerning av tre, busker og kratt ned mot sjøområdet, men og elles i området der det er naudsynt. Det skal og fjernast tre og kratt der gangvegar og anna infrastruktur skal etablerast.

Arbeidet går føre seg i februar.

Kommunen ber om forståing dersom det vert støy og andre ulemper frå entreprenør som skal gjera dette hogst- og ryddearbeidet og lokkar med at etter arbeidet er ferdig vert dette eit opent område der soltilhøve og utsikt vert betre for mange omkring.

Kommunen har sendt inn søknad til Husbanken om tilskot til bygginga av omsorgsbustadane.. Arbeidet vert lyst på anbod seinare.

Artikkeltags