Ove har feriert 70 somrar på Sellevoll

Av

Han er fødd i byen mellom dei sju fjell, og har arbeidd for den største eksportvara i byen; Hansa. Slik sett er Ove Walle erkebergensar å rekna, men hjarta har alltid vore på landet.

DEL

Ove Walle såg dagens lys i 1943, seks år etter at mor og far hans gifta seg. Han var eit etterlengta barn, og fekk det han peika på. Ove vaks opp på Leitet i Bergen, rett ovanfor Stadsporten på fjellsida. Men spolar vi endå nokre år attende, kom slekta til Ove frå Kjenes på Lindås. Oldefar hans kjøpte gard på Valle. To av sønene flytta til Bergen, ein av dei var bestefar til Ove. I Bergen var ikkje etternamnet pent nok, så dermed vart Valle til Walle.

– Bestefar fekk seg jobb som anleggsarbeidar i Bergen kommune, og var mellom anna med på å byggje stemma til Storediket, ein del av vassforsyninga til Bergen. Men han kjende heile tida at han høyrde til på Vallevik, så han var der så ofte han kunne, fortel Ove.

Som liten gut fekk han vere med besteforeldra til sommarhuset, med bøkeskogen som boltreplass og Seimsfjorden som næraste nabo.

Vekte stor interesse for fjordabåtane

– Interesse for fjordabåtane vart skapt her ute. Bestefar kjende mannskapa på fjordabåtane, og som liten gut var det stort å få kome på brua søndags ettermiddagane på veg til Bergen, fortel Ove Walle, og minnast alle dei flotte somrane på landet.

Då han vart litt eldre starta han sin store hobby i oppveksten, å føre statistikk over fjordabåtane som gjekk forbi hytta ved Radsundet.

– Fem om morgonen låg eg og venta på dei fyrste dampbåtane som kom sigande forbi, fortel han med glimt i augo. Bøkene der han sirleg gjorde sine notat, og gav poeng etter kor mange gonger båtane passerte i løpet av sommaren, har han tatt vare på.

Krig og armod

Under krigen herja fattigdom og armod. Tyskarane hadde stadig kontrollar ved fjordabåtane sine ankomstar til Bergen, og konfiskerte det som fanst at mat og verdiar. Men Ove fortel historia om den gongen bestefaren drog opp ei kveite på 50 kilo utanfor Vallevik.

– Han fekk delt opp kveita og frakta den til fiskeforretninga i Bergen før tyskarane fekk nyss om det. Ordet gjekk om at Johannes Walle hadde kveite i fiskebutikken i Skoltegaten, og før klokka passerte tolv på måndagen var alt vekke, fortel Ove.

AVSLAPPANDE: Hedwig i den koselege stova på hytta. Sjølv om det alltid er mykje å gjere, slappar Ove og Hedwig av på ein heilt annan måte når dei kjem på hytta.

AVSLAPPANDE: Hedwig i den koselege stova på hytta. Sjølv om det alltid er mykje å gjere, slappar Ove og Hedwig av på ein heilt annan måte når dei kjem på hytta. Foto:

Ei anna historie som fortel litt om nøysemda på den tida, er om då byfolket skulle ta båten heim til Bergen om søndagane. Då båten la til kai på Vallevik, sette dei berre frå seg tinga og steig av att. Båten gjekk vidare til Hundvin, og der fløyta han. Då visste familien at det var på tide å gå, og heile slekta gjekk i flokk og følgje over Litleskare og ned til Skarsvågen for å spare frakt. Ove hugsar at det var langt å gå for små føter, og han måtte ofte få litt trøyst og oppmuntrande ord på vegen.

Folk i Alver

1. januar 2020 slår Lindås, Meland og Radøy seg saman til nye Alver kommune. I tida fram mot kommunesamanslåinga, vil Avisa Nordhordland publisere ein serie med portrett på personar for å løfte fram folk som bur i det som skal bli Alver kommune. Portretta er laga av informasjonsavdelinga til Alver kommune for å skape interesse og tilhøyrsle til den nye kommunen. Avisa er tilbydd portretta til fri bruk og vil publisere dei i papiravisa og på vår nettside nordhordland.no. Det er ikkje gjort andre avtalar med Alver kommune i samband med portrettserien.

Sommaridyll i Lammavågen

Bestefar til Ove ville gjerne overta sommarhuset i Vallevik, men bror hans ville ikkje selje. I staden kjøpte Johannes Walle tomt på Sellevoll, og i juni 1949 tok dei den nye hytta i bruk. Sidan har Ove feriert her kvar einaste sommar i 70 år.

– Då eg var ung budde vi her kvar sommar i åtte veker. Eg gledde meg storleg. Her var så mange jamnaldrande og vi unge nærast budde i Lammavågen. Det var sommarparadiset vårt, fortel Walle. Vågen nedanfor skulehuset på Fosse hadde sandstrand og ein stor grasplen der ungdommane samla seg. Både byfolk og fastbuande fiska i Radfjorden.

– Ein sommarkveld midt på 1950-talet kan eg hugse at eg talde 26 båtar som låg ved grunna og dorga. Det må vere rekorden, minnast Walle.

Stupte over golvet for siste dans

Me spolar nokre år tilbake. Ove vaks opp med den søtlege vørterlukta frå Hansa som næraste nabo. Han gjekk handelsgymnasium, og fekk seg jobb med kjøreoppgjeret på Hansa. Øl var ei høgt skatta vare, og om dei 61 sjåførane i Bergen talde feil, måtte dei skulde sjølv.

– Sjåførane til Hansa var som kongar i Bergen. Trikken måtte pent vente om Hansa-bilen skulle losse, fortel Ove og humrar.

Ove steig i gradene, og enda som rekneskapssjef i Hansa.

I 1970 trefte han kona Hedwig. Ove var turleiar for eit turfølgje frå Li til Høgabu i Bergsdalen, og Hedwig var med på turen. Det oppstod søt musikk, og då følgjet avslutta med dans på «Håndverkeren», det som seinare vart Rick`s kafé, tok Ove mot til seg.

TRØYST: Vesle Ove får trøyst av tanta på ein av dei lange turane frå Vallevika, over Litleskare, og ned til Skarsvågen der han og familien tok båten heim til Bergen.

TRØYST: Vesle Ove får trøyst av tanta på ein av dei lange turane frå Vallevika, over Litleskare, og ned til Skarsvågen der han og familien tok båten heim til Bergen. Foto:

– Eg stupte over golvet på siste dans og engasjerte ho. Det var suksess, for i 1972 gifta vi oss, fortel han med glimt i augo.

Heldigvis fall Hedwig like mykje for den raude hytta på landet. Hageinteressa har dei to alltid hatt felles, noko den frodige hagen ber preg av. Litt av fortida ved bøkeskogen har dei tatt med seg; ein frodig bøkehekk som omkransar hytta.

Sytti somrar på Sellevoll

Borneborna Tobias (16) og Håvard (11) har fått auga på eit ekorn i lerka i hagen. Den hoppar over gjerdet, og forsvinn mellom nausta der nede. Golden retrievaren Ronda held seg roleg, og er slett ikkje interessert i inntrengaren. Bestefar Ove er meir interessert i fjordabåten «Vingtor», som passerer nedi sundet. Han reiser seg og vinkar. Dei fleste skipparane kjenner Ove, og gir han nokre tut i fløyta når dei passerer Trossevika.

Det glitrar i Ove sine auge i det han snur seg.

– Veit du, når eg og Hedwig kjem ut hit er det som om ein sekk dett av oss. Vi gløymer både alder og irritasjonar.

Han smiler. Den syttiande sommaren på Sellevoll ligg an til å bli ein fin ein.

Artikkeltags