– Vi er utselt for pølser og omtrent all anna mat, så no må vi fylle på slik at vi er klare til morgondagen, seier Ronny Hansen til Nordhordland då dei siste 10 kilometerløparane har kome i mål, og publikum har reist.

Knarvikmil-sjefen er godt nøgd med dag to av Knarvikmila.

Så seint som eit par dagar før den tre dagar lange løpsfesten blei sprunge i gang, fortalde Hansen at påmeldinga til øvingane ikkje var heilt der ein ønskte. Då laurdagen kom, var situasjonen ein annan.

– Det var veldig mange som meldte seg på i går, og faktisk også i natt. Frå eg sjekka siste gang i går kveld til eg sjekka på nytt klokka 08:15 i dag var det kome 150 nye påmeldingar, fortalde Hansen til NH laurdag ettermiddag.

Også organiseringa og gjennomføringa har glidd fint.

– Vi er godt nøgd. Så er det sjølvsagt alltid litt småplukk som vi arrangørane legg merke til at kunne vore annleis, men eg trur ikkje publikum har merka noko til det.

Rask løype

Før årets Knarvikmil blei det gjort store endringar i løypa på 5 KM, 10 KM og halvmaraton. Grunnen var at løypene til Knarvikmila tidlegare har vore veldig tunge, noko som har gjort det vanskelegare å trekke til seg dei raskaste. Difor la ein om løypene for å gjere dei raskare og enklare å springe. Difor var det og stor nysgjerrigheit til tidene.

Då Awet Kibrab sprang i mål som den raskaste av herrane, viste klokka 29:23. Også nummer to i herreklassa, Frew Zenebe Brkineh sprang på under 30 minutt, medan Senay Fissehatsion kom i mål på tida 30:12. I Kvinneklassa var det og raske tider. Eli Anne Dvergsdal sprang inn til siger på 34:13, medan Pernilla Epland (nummer 2) og Adele Henriksen (nummer 3) kom seg under 35 minutt.

– Det ei fin løype, med litt av alt. I tillegg var det god stemning, så det blei aldri kjedeleg, sa Dvergsdal om løypa til speaker Kjetil Iden.

Også Kibrab fekk spørsmål om kva han meinte om den nye løypa.

– 29:23 er ei rask tid. Eg er fornøgd med den, særleg sidan eg akkurat har kome tilbake frå skade. Neste gang håpar eg å springe mykje raskare her, sa han.