FNB – feil fokus for folk flest

Antia Bakken og Leif Johnsen i Alver MDG er svært kritiske til at FNB vil melde granskingssaka frå Meland til politiet.

Antia Bakken og Leif Johnsen i Alver MDG er svært kritiske til at FNB vil melde granskingssaka frå Meland til politiet. Foto:

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.FNB har meldt Alver kommune til politiet. For ei sak der kontrollutval, revisjon og dei involverte har klarlagt hendingane, vedgått feil og at rutinar har vore for dårlege. Ein varslar har fått oppreising. Alver kommune har betre rutinar har ordførar og rådmann foklart.

Kva er då vitsen? Kva oppnår FNB? Meir transparens/demokratisk innsyn forveljarane sine? Nei, neppe. Meir merksemd for FNB? Ja, nettopp. Men kva treng folk i Alver, inkludert veljarane til FNB, fokusere på no?

Ei sak vil overskygge alle andre: Alver kommune sitt dramatiske økonomiske uføre. Her sviktar FNB. Og politisaka gjer det verre: Unødvendig ekstraarbeid for ein ny Alver-administrasjon, i ei krevjande oppstarting av store samordnande planoppgåver, med budsjettarbeid i ein kriseøkonomi, alt saman forpurra av koronakrisa.

  • Les alt om bakgrunnen for denne saka i artiklane det er lenka til under.

Fokus i media glir vekk frå akutte økonomiske tema som innbyggjarane no treng god informasjon om, for det går mot kutt i tenestar. Kva ikkje-lovpålagte tenester står i fare for å bli kutta? Korleis skal ein i ein slik situasjon få til folkeleg medverknad, noko alle partia vil? Er det rett at Alver har betre inntekter og dyrare tenester i helse og skule enn andre kommunar? -

Politisk fokus og arbeid taper, polarisering aukar. Ordførar og styringspartia har invitert til breitt samarbeid for å utforme Alver. Breiast og mest representativt blir det når opposisjonen kan bidra med synspunkt og framlegg. Det største opposisjonspartiet, FNB sitt bidrag: Å melde kommunen til politiet! FNB er tom for tankarom økonomiske tiltak.

Når det no går mot kutt spørst det kva parti som har politisk mot til å prioritere dei svakaste sine tenestetilbod. Då vil veljarane sjå kva valløfter partia vil prioritere: Løfta mot å auke inntektene (eigedomsskatt), om ikkje å kutte utgifter (følgje investeringsplanane frå dei tre kommunane), eller om ein meir robust kommune (også økonomisk?) og at beste praksis i dei tre kommunane skal gjelde i Alver (også helse og skule?)

Kven tør sjå på både inntekter og utgifter? Det blir ei særs vanskeleg og vond oppgåve. Ingen parti slepp unna å bryte nokre valløfter skal ein klare å ro Alver sin økonomi i naudhamn når hauststormane kjem.

Leif Johnsen og Anita Bakken
Alver MDG


PS! Avisa Nordhordland presiserer: FNB har varsla at dei vil politimelde saka, men vil formelt gjere det først etter ferien.

Artikkeltags