Om du tek deg tid til å lesa valprogrammet til partiet FNB Alver: Så vil du sjå at me lovar fleire ting. Me er ikkje politikarar - men ærekjære folkevalde - difor vil me satsa alt på å gjennomføra lovnadene våre. Ein av desse lokale lovnadane er å byggja eit regionmuseum i Alver kommune.

Me kjenner til at Meland kommune tidlegare har arbeidd mykje med denne saka. Då var det på trappene å byggja eit slikt museum ved sjøen på Flatøy. Ein no avdød etnologi-professor frå Universitetet i Bergen; ivra for denne saka - og han tok stadig oppatt følgjande: - Me må for all del også byggja ei nothengje i samband med dette strila-museet!

Les også

Fylkeskommunen har motarbeidd regionmuseum i Nordhordland

 

Såleis: Om FNB Alver kjem til makt i nye-kommunen; vil me straks byrja å arbeida med denne saka og vil då kalla inn sogelaga samt andre kulturinteresserte for å starta planlegginga av eit slikt museum. Det er viktig at det vert liggjande ved sjøen og nær hovudtrafikk-åre; trur me.
Sogelaga i denne nye kommunen har allereie samla inn uhorveleg mange gjenstandar som kan fylla eit slikt museum. Det er såleis berre bygningen ein manglar.

Les også

Regionmuseum i Nordhordland

Les også

Regionsmuseum eller mausoleum

 

Ja , tenk deg tilbake 100 år i tid og til Nordhordland. Folka i dette området var blant dei fattigaste i heile landet. Dei fleste var fiskar-bønder som bar tørrhøyet på ryggen inn i løa ved hjelp av tau og hodl. I støa hadde dei færingen som gav fiskemiddag til familien. Ja , færingen - kjenner du til: Esing, hogde halsar, rong, su, firkant-rø, tofte, tilje, plytt, stamn, keipar, humleband og nygla?

Om ikkje - så kan du læra om det i Alver museum som vonaleg kan verta eit «fyrtårn» for den lokale og gamle strilekulturen.

Godt val!

Morten Klementsen , ordførar-kandidat

Ture Andersen , liste-kandidat