Meiner plasseringa vert heilt feil

TRYGGLEIK: – Det handlar først og fremst om plasseringa, og tryggleiken for våre ungar. Dette er for dårleg redegjort, det er ein skam, seier Knut Haugland.

TRYGGLEIK: – Det handlar først og fremst om plasseringa, og tryggleiken for våre ungar. Dette er for dårleg redegjort, det er ein skam, seier Knut Haugland. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Mange fryktar konsekvensane av å ha asylmottak ved skule og barnehage.

DEL

Asylmottak på Hordabøheimen:Av dei omlag 300 frammøtte på folkemøtet var det svært mange som ytra skepsis og frykt for kva eit asylmottak vil føra med seg.

– Kor mange asylmottak i Norge ligg så nært skule og barnehage? Vi aksepterer ingenting når det gjeld ungane våre, seier Roger Sundt.

– Det er klart at vi skal hjelpe, men plasseringa er problemet. Eg fatter ikkje at ein ikkje ser dette, at ungane våre vert prøvekaninar vert heilt feil, seier Sundt.

LES OGSÅ: – Vi ungdommar vil ta imot dei med opne armar

Knut Haugland fryktar òg for tryggleiken til ungane.

– Det handlar først og fremst om plasseringa, og tryggleiken for våre ungar. Dette er for dårleg redegjort, det er ein skam, seier Haugland.

– Ville ein fått lov til å etablera barnehage i eit område der det er asylmottak? Eg trur svaret er nei, legg han til.

Sissel Mehammer frå UDI svarer at det er fleire eksempler på dette.

– Det er fleire kommunalt godkjende barnehagar som er oppretta tett oppi mottak. Det er òg etablert barnehage på eigedomen til eit mottak der det går ungar frå mottaket og andre ungar ilag, seier Mehammer.

Alderssjekk

Lena Bø Nilsen etterlyste mellom anna kva tiltak som vert gjort i høve alderssjekk.

Lena Bø Nilsen etterlyste mellom anna kva tiltak som vert gjort i høve alderssjekk.

Lena Bø Nilsen etterlyste mellom anna kva tiltak som vert gjort i høve alderssjekk. Foto:

– Vi veit at det er mange som kjem hit som lyg på alderen. Representantar for Redd Barna seier dei ungane som kjem til Norge er utsett for store traumer og grusomme ting, og at mottaka har dårleg bemanning og lite kompetanse for å handtera dette. Vil ein få dette på plass her?, spør ho.

Mehammer seier at alderstest normalt sett er gjort før ein kjem i mottaket.

– Vi kan ikkje garantere at det er gjort før dei kjem i den ekstreme situasjonen som er no. Men det vil bli gjort så fort ein får det til. Det som har vore ein tendens no i haust er at dei som kjem no er yngre enn det vi har sett tidlegare. Det er ein del som oppgir for låg alder, desse vil bli flytta. Det same gjeld når dei vert 18, seier Mehammer.

LES OGSÅ: Endå eit asylmottak på gang i Nordhordland  

Harald Klausen trekker fram auka fare for valdtekter knytt opp mot etablering av asylmottak.

– Vi høyrer at 70 prosent av overfallsvaldtekter vert utført av folk med innvandrarbakgrunn. Då er det merkeleg å få høyra at dette ikkje skjer, seier Klausen.

– Det er ikkje nødvendig å kvitmala. Ein skal ikkje svartmala heller, men vi må kalla ein spade for ein spade. Vi må tenka konsekvensar, og vera sikre på at borna i barnehagen og på skulen er trygge. Vi må veta med sikkerheit korleis dette vert handtert, seier han.

– Det har aldri vore meininga å kvitmala, og å seia at det ikkje finnest kriminalitet, seier Mehammer frå UDI.

– Det vi seier er at i høve norsk befolkning er det ikkje noko auke i kriminalitet knytta til asylmottak. Når det gjeld kriminalitet rundt mottak, veit vi at det i hovudsak er mindre alvorlege ting, som nasking og sykkeltjuveri. Det er ikkje noko forsøk på seia ikkje finst kriminelle asylsøkarar, seier Mehammer.

Fanden på veggen

Berit Kvalvik seier ho forstår reaksjonane, men oppfordrar Radøy sine innbyggarar til å vera positive.

– Om eg var mor, og vi hadde den uroen her som er i Syria, trur eg tankane ville vore meir positive. Vi skal ikkje mala fanden på veggen. Vi må stilla spørsmål, og vera sakleg, vi vil det beste for dei som kjem, seier Kvalvik.

POSITIVE KREFTER: – Eg trur ikkje dette vert eit problem, om vi vanlege borgarar på Radøy bruker dei positive kreftene våre, så greier vi dette, seier Berit Kvalvik.

POSITIVE KREFTER: – Eg trur ikkje dette vert eit problem, om vi vanlege borgarar på Radøy bruker dei positive kreftene våre, så greier vi dette, seier Berit Kvalvik. Foto:

– Vi kan snakka om voldtekt, men ikkje bera fram det som det store spørsmålet. Kanskje kan vi læra om to-tre år å omgå desse ungdommane som kjem her utan den redsla mange har i dag. Vi må bruka kreftene våre til å møte vanskane med positiv tankegang, seier ho.

– Eg trur ikkje dette vert eit problem, om vi vanlege borgarar på Radøy bruker dei positive kreftene våre, så greier vi dette. Eg trur at dette skal bli bra, seier ho og trekker fram Frode Myking i Hordabø IL som eksempel. 

– Eg las han stod fram og nevnte dei ville hjelpa. Med den positive innstillinga greier vi å løfta fjell. La oss gjera det, seier Kvalvik.

LES OGSÅ: Vil etablera mottak for 60 mindreåringe asylsøkarar på Radøy

Geir Taule lanserte Radøytunet som alternativ plassering for mottaket.

– Eg føler det er to fløyar her. Plasseringa her er kritisk, eg føler det er eit tema for dei fleste i salen, seier Taule, og spør om UDI og Norsk Mottaksdrift har høyrt om Radøytunet i samanheng med etablering av mottak.

– Det er òg ein plass som kan husa asylmottakarar. Vil det i etterkant bli aktuelt med mottak der òg? For å gjera alle partar nøgde, bør ein vurdera å setta Radøytunet opp mot Hordabøheimen, då trur eg mange hadde vorte meir nøgd, seier Taule.

Martinussen frå Norsk Mottaksdrift AS seier samarbeid og dialog er noko av det viktigaste.

– Eg likar mottak som ligg på små tettstader, det vert mykje meir gjennomsiktig. Eg kjem sjølv frå Vågå. Skjer det noko der, kan eg lova at alle veit kven som gjorde det. Det gir tryggleik både for bebuarane og innbyggarane, seier han.

– Vi har to tilsvarande mottak pr. i dag som ligg i bustadfelt. Innbyggarane var særs vrige på å ha nabomøter i starten. Etter kvart som ein ser korleis det vert, vart nabømøta stadig sjeldnare, seier han.

– Blir det mottak her skal vi setta oss ned og bli einige, lovar Martinussen.

Artikkeltags